Hopp til innhold

Set frå seg møblar på gata: – «Curb mining» blir for meg eit litt meir fancy ord for forsøpling

Gjenbruk eller forsøpling? Før semesterstart poppar forlatne møblar opp på gatene i storbyane. Det kan bli dyrt, både for huseigarar og skattebetalarar.

Møbler på gaten i Bergen

LEDIGE MØBLAR: Det var litt forskjellig å velje mellom på Nygårdshøyden fredag 2. august, blant anna ein sofa.

Foto: Eskil Byrkjeland / NRK

– Det er ikkje tvil om at problemet aukar i samband med studiestart og studieavslutning.

Det seier Ole Bjørgen, fagleiar for byvektarordninga i Bymiljøetaten i Bergen kommune.

Han snakkar om fenomenet curb mining eller stooping: Å sette frå seg møblar på gata, som vi seier i Noreg.

Det er eit vanleg syn lenger sør på kontinentet og i tettbygde strøk i USA.

Dessutan kan det minne om dumpster diving, som er å fiske opp etande mat frå bosspanna til butikkar og kafear. Men med motsett forteikn:

Nokon set ut sofaen, hylla eller skapet på gata i håp om at andre skal ha bruk for det – eller i det minste forbarme seg over det.

I norske storbyar poppar dei brukte møblane særleg opp i vekene når studentane er på flyttefot.

Curb mining blir for meg eit litt meir fancy ord for forsøpling, seier Jørgen Bakke Fredriksen, pressekontakt i renovasjons- og gjenvinningsetaten i Oslo.

Møblar blir sett ut på gata i Bergen

Hagemøblar på Nygårdshøyden juli 2024.

Foto: Bergen kommune

– Teit at det er ulovleg

Meiningane om trenden er delte.

– Det er jo fint at nokon andre kanskje kan få dei då. Eller kanskje det ser litt rotete ut? seier ei ung kvinne NRK snakkar med på studenttunge Nygårdshøyden i Bergen sentrum.

Men å sette frå seg møblar på gata er faktisk ikkje lov i Noreg.

– Det er teit at det er ulovleg, seier ein ung mann. Dersom du har møblar du ikkje brukar, som er fine, men som du ikkje kan ha, kan jo andre folk ha glede av det, seier han.

– Så lenge dei ikkje står og blokkerer ein sjukebil, så er det jo greitt, meiner ein annan mann.

Kva meiner du om møbelutsetting?

Møbler på gata på Nygårdshøyden i Bergen

Nygårdshøyden for nokre dagar sidan.

Foto: Silje Olsen / NRK

Deler ut 1000 kroner i gebyr

Møbelutsettinga blir av styresmaktene rekna som forsøpling.

Det står i vegen for mellom anna svaksynte og blinde, og mister dessutan verdi jo lenger det står i regnet.

I Bergen er bymiljøetaten er ute på kontrollar kvar dag og dokumenterer alt dei finn. Er ikkje tinga borte etter to-tre dagar, skriv dei ut gebyr på 1000 kroner til gardeigaren.

– Det er personen som eig heile bygget som også er ansvarleg for området rundt bygninga, påpeikar Ole Bjørgen i Bymiljøetaten i Bergen kommune.

Møblar blir sett ut på gata i Bergen

Eit skatoll med litt uheldig plassering på Nygårdshøyden i juli.

Foto: Bergen kommune

Fann akvarium med døde fiskar i

Det er ikkje berre sofaar, speglar, måleri og andre småmøblar folk set på gata. Av og til finn kommunen litt meir uvanlege ting.

– Ein gong for nokon år tilbake var det eit akvarium med døde fiskar som flaut i vatnet, fortel Bjørgen.

Eg veit ikkje om kattane i området åt fisken, men fisken var i alle fall borte neste dag. Det er det raraste eg har opplevd.

Møblar blir sett ut på gata i Bergen

Nøstetorget ved innsamlingskonteinarar august 2024.

Foto: Bergen kommune

Dyrt for fellesskapet

Bjørgen synest det er fint at folk er opptatte av gjenbruk. Men då ber han dei heller nytte kommunale gjenvinningstilbod og levere store ting i miljøparkar eller til miljøbussar rundt omkring i bydelane.

Gata er i alle fall ikkje riktig plass for slike gjenstandar, meiner Bjørgen.

– Det blir ein relativt stor kostnad når våre entreprenørar må ut og fjerne denne type avfall. Dette går frå fellesskapets pengar, seier han.

Møblar blir sett ut på gata i Bergen

Sofa på Øvre Nygård august 2024

Foto: Bergen kommune

Har du lagt møbler på gata?

Millionar av kroner til opprydding

Også i Trondheim er møbelutsetting eit daglegdags problem, som aukar i vekene når studentar flyttar inn og ut av byen.

Dei siste fem månadene er det skrive avviksmeldingar på 273 tilfelle der folk set frå seg avfall ulovleg, opplyser Trondheim Renholdsverk.

Dei brukar 3 millioner i året på rydding av offentlege returpunkt.

I Stavanger er det derimot ikkje eit særleg stort problem med utsetting av møblar på gata.

Vi har enkelte byområde der folk set frå seg ting ved oppsamlingsstasjonar gjennom heile året. Men det er ikkje i noko stor utstrekning, seier Tor Martin Larsen, seksjonssjef renovasjonen, bymiljø og utbygging i Stavanger kommune.

Han trur folk er flinke til å heller nytte seg av ombruksstasjonar eller kommunens ordning på hentavfall.no, der dei ein bestille henting av avfall og ombruksgjenstandar.

Fann eit heilt bad på gata

I Oslo er den store utfordringa at folk set frå seg møblar særleg ved returpunkt for glas og metall.

Jørgen Bakke Fredriksen i renovasjons- og gjenvinningsetaten i Oslo seier det kanskje er ein auke om sommaren, som kan ha med studentar på flyttefot å gjere, men at dei slit med utsettinga året rundt.

Det har ikkje slått han at ting blir sett på gata for å bli henta av andre.

– Regnar det om natta, er sofaen ikkje så brukbar lenger. Det er litt korttenkt. Det meste endar nok opp som avfall, seier Fredriksen.

Også Oslo kommune brukar ressursar på å rydde opp rundt returpunkta nærast dagleg.

– Kva er det raraste de har sett på gata?

– For nokre veker sidan såg det ut som nokon hadde lagt frå seg eit heilt bad: fliser, armeringsjern, doen, rett og slett heile inventaret. Vi mistenker at eit firma har gjort det for å spare pengar, men vi veit ikkje, seier Fredriksen.

Les også Jonathan har studie­start på golvet i ei kantine: – Mistenkte at det ville gå slik

Sovesal_Fantoft_August2024