Hopp til innhold

Mista luktesansen etter Utøya-massakren

SAL 250 (NRK.no): Ingela Heie (18) mista luktesansen etter at ho vart skoten i hovudet på Utøya. I hjernen hennar fann legane delar av ei visdomstann.

Utøya

Ingela Heie frå Fredrikstad gøymde seg for gjerningsmannen på Sørspissen av Utøya. Ho overlevde etter å ha blitt skoten i hovudet og armen, men har mista både luktesansen og den fotografiske hugsen sin.

Foto: Øyvind Bye Skille / NRK

Anders Behring Breivik skaut Ingela Heie to gonger ved Sørspissen på Utøya. Den eine kula trefte 18-åringen i venstre delen av andletet.

Legane som opererte henne på sjukehuset fann fragment av både kula og visdomstanna hennar langt oppe inne i hjernen. Det fortalde den unge kvinna frå Torp i Fredrikstad då ho vitna i Oslo tingrett torsdag.

– Eg har hovudverk kvar dag. Legen min seier at det vil vera slik resten av livet og at eg må ta smertestillande dagleg, fortel Heie.

Har mista luktesansen

Skotskadane har øydelagt luktesansen hennar. Ei nerve rauk då legane skulle fjerna fragment frå prosjektilet og tanna som låg spreidde rundt inne i biholene og andre stader i hovudet hennar.

– Eg har mista luktesansen og var nær ved å mista synet. Det er veldig grusomt og vanskeleg å venna seg til ikkje ha luktesans. Hadde eg vore 50 år gamal hadde det kanskje vore greit, for då har ein ikkje så mange år igjen å leva likevel.

Med det fekk den unge AUF-aren tilhøyrarane i salen til å bryta ut i latter - trass i den tragiske historia og dei groteske detaljane ho la fram for dei.

Heie gøymde seg for gjerningsmannen på Sørspissen av Utøya og snakka med kjærasten sin i mobiltelefonen då ho såg den svartkledde mannen komma gåande mot henne.

– Han sa at politiet hadde kome til øya. Eg snur meg og ser svarte klede og eit gevær som blir heva. «No blir eg skoten i hjartet og døyr», tenkte eg då.

Men Breivik sikta mot hovudet, ikkje hjartet. Den første kula trefte armen, som Heie brukte til å beskytta hovudet sitt med.

– Det var den verste smerta eg nokongong har kjent. Men eg tenkte at eg kan leva med ein arm. Det er ein dam av blod, og eg er ikkje så veldig glad i blod, så jeg syntest det var veldig ekkelt.

– Han tok «oppfølgingsskot» på meg

Så begynte 18-åringen å skrika høgt.

– Då forstod han at eg ikkje var død, så han tok det han sjølv kallar eit oppfølgingsskot og skaut meg i hovudet. Det kom ein pipelyd, så blei alt svart og eg svima av.

Etter Utøya-massakren har Heie vore gjennom to operasjonar. På grunn av skotskaden i armen kan ho ikkje lenger trena som før. Ho blir fort sliten og har vanskeleg for å henga med på skulen. Borte er også den fotografiske hugsen hennar.

Framtidsplanane og draumar er heller ikkje dei same lenger.

– Før 22. juli ville eg bli FN-ambassadør og reisa rundt og løysa krigar og konflikter. Det torer eg ikkje lenger, fortalde 18-åringen i retten torsdag.

Siste Utøya-overlevande vitnar fredag

Dei andre Utøya-overlevande som vitna i rettsaka mot Breivik torsdag var Matias Eckhoff (22), Mohamad Hadi Hamed (21), Einar Bardal (16) og Cecilie Herlovsen (17). Aktor Svein Holden las også opp vitneforklaringa og legeerklæringa til Benjamin Eriksen (16).

I morgon vitnar Adrian Pracon. Han er det siste vitnet av dei som overlevde massakren. Deretter går retten over til bevistema 10, som dreier seg om arrestasjonen av Breivik.

Politiet i Hønefoss sin innsatsleiar for Utøya og aksjonsleiaren for Beredskapstroppen er blant dei som skal forklara seg i denne bolken.

Etterlatte og overlevende hadde møtt opp for å høre Stoltenbergs tale. En av dem var Line Nersnæs som ble skadet under angrepet.

– Jeg er her for å hedre kollegene mine

For to år siden gikk bildet av Line Nersnæs med en pinne i hodet verden rundt. I dag synes hun det er viktig, men også vanskelig å minne de som ikke kom fra angrepet i live.