Raset som søndag ettermiddag gjekk i nærleiken av Mjølfjell, har truleg alt kosta CargoNet fleire millionar kroner.
Informasjonsdirektør Bjarne Wist seier prislappen kjem til å stiga dei komande dagane.
– At dette raskt kostar mellom fem og ti millionar kroner, det er eg ikkje i tvil om.
Uvisst kor stor ekstra prislapp
CargoNet køyrer kvar dag ti godstog fulle av varer på Bergensbanen. Når banen stengjer, finst ingen fullgode løysingar.
– Her må det fleire hundre bilar til kvar einaste dag, og det er ikkje noko ein berre tryllar fram over natta.
På toppen av det, er det langt dyrare å skaffe lastebilar på så kort varsel. Den totale prislappen kan dermed bli endå høgare.
Store skader
Måndag blei det klart at raset har gjort stor skade på jernbaneskjenene. Prosjektleiar John Herman Rivenes i Jernbaneverket seier det trengst omfattande reparasjonar.
Les òg: Kan bli stengt i fleire veker
– Vi har skader på køyreleidningen, vi har skader på signalanlegget, og vi har skader på sjølve infrastrukturen. Så dette kan det ta tid å fiksa.
Dermed veit han ikkje kor lenge Bergensbanen vil forbli stengt. I verste fall kan det bli i fleire veker.
Fleire tusen passasjerar forseinka
Haustferiens første dag blei dramatisk for NSB, som sjølv anslår at berre måndag og tysdag blei minst 2500 passasjerar kraftig forseinka på grunn av raset.
Folk som skal med toget mellom aust og vest dei komande vekene, må førebu seg på buss for tog store delar av vegen.
Trass i at raset gjekk søndag ettermiddag, blir det truleg ikkje mogleg å starta oppryddingsarbeidet før tysdag føremiddag, seier Inge Hjertås i Jernbaneverket.
– Geologane som var på plass måndag, har undersøkt staden og trur vi kan vere i gong tysdag, sa Hjertås måndag ettermiddag.
Det er mindre enn fem månader sidan ras førre gong sperra Bergensbanen og sette NSB meir eller mindre ut av spel. Den gongen blei stenginga kortvarig.
Wist i CargoNet kryssar fingrane for ei snarleg løysing også denne gongen.
– Vi håpar berre at alle klutar blir sett til, slik at vi får ein jernbane som er til å stola på. Etter mi meining er dette den beste transportløysinga mellom Austlandet og Vestlandet, og det håpar vi jo jernbanen skal halda fram med å vera.