Hopp til innhold

Seks representantar fekk for mykje

Seks stortingsrepresentantar har ikkje oppfylt vilkåra for rett pensjon frå Stortinget.

Gro Harlem Brundtland
Foto: Sara Johannessen / Scanpix

Det er konklusjonen til ekspertutvalet som har granska påstandar frå Riksrevisjonen.

Utvalet har gått gjennom sakene til 56 tidlegare politikarar som har fått løyva stortingspensjon i løpet av dei siste 10 åra.

- Seks personar har fått uberettiga pensjon, sa stortingspresident Torbjørn Jagland då han la fram resultata på ein pressekonferanse i ettermiddag.

To tidlegare statsministrar

Kjell Magne Bondevik
Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

Dei seks personane som har fått for mykje pensjon er dei tidlegare statsministrane Gro Harlem Brundtland (Ap) og Kjell Magne Bondevik (KrF) og stortingsrepresentantane Magnus Stangeland (Sp), Anders Talleraas (H), Thor-Eirik Gulbrandsen (Ap) og Tore Austad (H).

- Det er ikkje mogleg for meg å seie noko om inntektsforholda og beløpa som ligg til grunn her, for det går inn på reine personomsyn, sa Jagland, som understreka at det var snakk om svært ulike saker for dei seks personane.

Sterk kritikk mot Riksrevisjonen

Dei tidlegare stortingsrepresentantane Erik Dalheim og Torbjørn Berntsen har ikkje motteke pensjonspengar frå Stortinget som dei ikkje hadde krav på, slik Riksrevisjonen tidlegare har hevda.

Utvalet som har granska stortingspensjonane kjem difor med sterk kritikk av Riksrevisjonen og måten saka har vorte handtert på.

- Utvalet meiner at Riksrevisjonen ikkje har hatt tilstrekkjeleg rettsleg grunnlag til å seie at dei tidlegare namngjevne personane har fått uberettiga pensjon, sa Jagland.

To av dei Riksrevisjonen meinte hadde fått for mykje pensjon, er ikkje lenger med på lista, medan to andre har kome til. Eg er letta over at vi no har fått ein kyndig gjennomgang av saka.

Torbjørn Jagland

Utvalet kom også med krass kritikk mot måten Stortinget har handtert pensjonsordningane gjennom åra.

- Tok initiativ

Ifølgje utvalet har Gro Harlem Brundtland fått uberettiga pensjon i tre månadar og Kjell Magne Bondevik i to månadar.

- Begge tok initiativ til å tilbakebetale, og gjorde også det, understreka Jagland.

Dei seks personane har fått utbetalingar etter den såkalla 75-årsordninga der kravet er at summen av alder og funksjonstid på Stortinget skal vere minst 75 år.

Dei seks personane som ikkje har oppfylt vilkåra for rett til pensjon har hatt inntekt frå arbeid som ligg over den lovlege grensa i delar av perioden dei har vore i ordninga.

- Ikkje ein dom

Stortingspresidenten ville ikkje kommentere storleiken på dei uberettiga pensjonsutbetalingane for dei fire andre representantane.

Jagland understreka at sakene framleis er under handsaming. Dei seks enkeltsakene skal no handterast av pensjonsstyret på Stortinget, og konklusjonen derifrå kan ankast til trygderetten.

- Saka er ikkje avslutta. Dette er ikkje ein dom, sa Jagland.

AKTUELT NÅ