Hopp til innhold

- Kaoset har gått over hovudet mitt

Vinnar av Fritt Ord-prisen, Nina Karin Monsen, går til frontalangrep på media under prisutdelinga i kveld.

Nina Karin Monsen
Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

Monsen seier ho den siste tida har pendla mellom sjukesenga og media. Ho er klår på kva som er verst.

- Media tek ein setning og bruker den slik dei vil. Dei skriv av kvarandre utan å oppsøkje kjeldene. Kaoset har gått over hovudet mitt, seier Monsen til tilhøyrarane i Den Norske Opera & Ballett.

Les også: Aksjonistane trekkjer seg tilbake

Video nsps_upload_2009_5_5_21_55_6_27.JPG
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

VIDEO: Monsen vart spurd om ho var 'vondskapsfull' av ein journalist.

- Får ikkje fram bodskapen min

Ho meiner Institutt for journalistikk, som er den leiande institusjonen for vidareutdanning innan medier og journalistikk, har mykje å gjere.

- Eg forsøkjer å informere så godt eg kan, men får ikkje bodskapen min gjennom. Eg må også slåss for tilsvarsretten min, seier ho.

Filosofen og forfattaren kom også inn på bioteknologi og den omstridde ekteskapslova.

- Med den nye lova blir heterofile og homofile likestilt. Likestilling er ikkje alltid det beste. Mange born mistar sin far. Ein risikerer å konstruere born av vellukka menn. Faktum er at skal ein bli sæd-donor må ein har spesielle trekk i andletet, vere pen, passe høg og ha ein viss intelligens.

Les også: Monsens pris

Video: Sjå heile pris-utdelinga i opptak

Takkar Monsen

Styreformann i Fritt Ord, Francis Sejersted, seier både Monsen og Kim Friele er kjempande menneske. På utdelinga i kveld sa han at Monsen har teke på seg ein «rustning».


- Takk for at du holdt ut, Monsen, sa han til applaus frå ein fullsett operasal.

AKTUELT NÅ