Hopp til innhold

Nest Sotra-taparane får ny sjanse

Dei tapte mot andredivisjonslaget Nest Sotra på tysdag. I kveld får alle elleve sjansen når den regjerande seriemesteren står på motsatt banehalvdel.

Brann - Rosenborg

Brann møter Rosenborg i eliteseriestart i kveld klokka 20.

Foto: Hommedal, Marit / Scanpix

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

- Du er ikkje så langt unna, sa Rune Skarsfjord tørt då NRK før helga spurde han om han stiller med same lag mot Rosenborg som mot Nest Sotra.

Og samtlege elleve som starta kampen mot andredivisjonslaget får ikkje overraskande ny tillit mot Rosenborg i kveld.

Dermed er det desse elleve som skal forsvara æra til raudtrøyene frå start mot den regjerande seriemesteren:

Håkon Opdal - Birkir Már Sævarsson, Zsolt Korcsmár, Christian Kalvenes, Hassan El Fakiri - Rodolph Austin, Carl-Erik Torp - Diego Guastavino, Erik Mjelde, Bjørnar Holmvik - Kim Ojo.

Rosenborg stiller med dette laget, i ein 4-4-2 formasjon: Daniel Örlund - Mikael Lustig, Jim Larsen, Mattias Bjärsmyr, Mikael Dorsin - Morten Moldskred, Markus Henriksen, Per Ciljan Skjelbred, Gjermund Åsen - Mushaga Bakenga - Rade Prica.

Jamne oppgjer i Bergen

Dei siste fem møta mellom laga i Bergen har vore jamne. I fjor var det Rosenborg som stakk av med alle poengane i tilsvarande oppgjer på Brann stadion, då trønderane vann 3-2.

Både i 2009 og 2008 delte dei to rivalane poenga.

Ein må tilbake til gullsesongen i 2007 for å finna sist Brann vann heime mot Rosenborg, den gongen enda kampen 3-2 etter at Robbie Winters og Eirik Bakke sende Brann eit langt steg mot seriegullet.

Debut mot gamle kjende

Brann-trenar Rune Skarsfjord leiar for første gong eit eliteserielag i ei serieopning i kveld. 40-åringen frå Narvik har ei fortid som junior- og assistentrenar for gjestane frå Trondheim. Per Ciljan Skjelbred, som startar på midtbana til trønderane i dag er ein av dei Skarsfjord har jobba med.

I kveld får ein svaret på om Brann greier å reisa seg etter den pinlege generalprøven mot andredivisjonslaget frå Sotra.