Hopp til innhold

Lovar betre rusomsorg

– Opptrappingsplanen for rusomsorga skal bidra til at ruspasientar får den hjelpa dei treng.

Dagfinn Sundsbø

Arkivfoto: Statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet Dagfinn Sundsbø lovar at rusomsorga vil bli betre.

Foto: Marit A. Grut / NRK

Det seier statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet Dagfinn Sundsbø.

Han vedgår at det er for mange pårørande og pasientar som ikkje får hjelpa dei treng.

– Det vil alltid vere spørsmål om kvifor ting ikkje er gjort før. Men det vi bør spørje om er kva ein kan gjere for framtida, seier han.

Opptrapping

Han fortel at ein for tida er inne i ei stor opptrapping av rusomsroga, der det blir sett inn nye ressursar.

For det er kroner og øre det handlar om for Helse- og omsrogsdepartementet når det gjeld tiltaka som skal hjelpe ruspasientar.

Opptrappingsplanen som regjeringa har sett i verk skal bidra til at pasientar og pårørande får betre oppfølging og hjelp.

Men Sundsbø vedgår at rusomsorga har ein lang veg å gå.

– Eg forstår

Han seier at han forstår kor tungt det er for Arny Bjørvik og sonen hennar Kim .

– Ho skildrar ein situasjon som er for vanleg. Pårørande føler dei blir ståande att åleine med pasientar som ikkje er i stand til å klare seg sjølve, seier han.

Han ber Arny Bjørvik om å kreve at behandlingsinstitusjonen bidrar til å etablere kontakt mellom rusmisbrukaren og det miljøet han blir sendt ut til etter utskriving.

– Miljøet har óg eit ansvar i denne situasjonen, fortel han.

– Men lover departementet at kommunane skal få dei ressursane dei treng?

Det var ein gong snakk om at vi trengte ein "rusmilliard." Eg trur den milliarden vil vere oppbrukt før neste år; for rusomsorga treng både fagleg og økonomisk innstats, seier han.