Hopp til innhold

Malin (15) på isolat etter 4H-leir

Malin Strømhaug (15) frå Alstahaug i Nordland må sitje på isolat i Gloppen fordi ho kan vere smitta med svineinfluensa.

Svineinfluensa på 4H-leir på Breim
Foto: Vegard Erstad / NRK

– Eg blei ikkje veldig redd då eg fekk beskjed om at eg måtte isolerast. Eg blei mest forvirra eigentleg. Det var mykje som skjedde på ein gong, så då det hadde roa seg ned tenkte eg berre at dette oppstyret er litt overdrive, fortel ho.

LES: På isolat etter 4H-leir

Mange med symptom

Malin Strømhaug

Malin Strømhaug (15) sit i isolat.

Foto: Privat

Familiemedlemmar og venar har ringt i ett dei siste timane.

– Mamma var så klart bekymra, men eg har sagt at det ikkje er noko å vere redd for, og at det kjem til å gå bra, fortel Strømhaug.

Det var fredag at ei 15 år gammal jente frå Sørlandet meldte frå om at ho hadde influensaliknande symptom.

LES: Svineinfluensa på 4H-leir

Ho vart undersøkt av lege, prøver vart tekne og ho vart isolert frå leiren. Seinare på dagen vart det konstatert at ho hadde svineinfluensa.

LES: – Eg er ikkje redd

Vidare ut over fredag og natt til laurdag fekk mange av ungdommane på leiren influensaliknande symptom, og arrangørane bestemte seg, saman med nasjonale helsemyndigheiter, for å avslutte leiren før tida.

Isolerte på skular og sjukehus

– Det er trist. Det er mange frivillege som har gjort ein stor jobb, og mange deltakarar som har gleda seg og sett fram til leiren. Vi hadde tatt høgde for at dette kunne skje, men vi håpa jo å unngå det, seier informasjonsansvarleg Beate Patay.

Førebels er 45 personar isolerte. 36 av desse kom til leiren på same buss som jenta som har fått påvist svineinfluensa.

– Ein eller to av dei som er isolerte er frå Sogn og Fjordane, fortel Patay.

Dei må no bu seg på eit veke langt opphald i isolasjon inntil smittefaren er over. Deltakarane bur no på skulane på Rygg og Vereide, i tillegg til fem som oppheld seg ved sjukehuset i Florø.

LES: Leiren blir gradvis avvikla

– Gedigen utfordring

Helge Sårheim, lege og leiar for delegasjonen frå Florø, fortel at det har vore vanskeleg å takle influensautbrotet.

– Det har vore ei gedigen utfordring. Arrangørane var godt førebudde på noko slikt, men det er klart at alle samankomstar som vert råka av ein pandemi får ei kjempeutfordring i fanget, fortel han.

Han er ikkje redd for at nokon skal bli alvorleg råka av svineinfluensaen.

– Pandemien er for dei aller fleste av oss ufarleg. Men vi må sjølvsagt passe på dei som har sjukdommer frå før, fortel Sårheim.

– Er det nokre av ungdommane som sit i isolat som er spesielt utsett for influensaen?

– Det er ei jente som har ei lett grad av astma, men ho taklar symptoma fint, så det er ingen grunn til bekymring, påpeikar Sårheim.

4H på Breim

Det er vanskeleg å kontrollere smittespreiinga på eit slikt arrangement.

Foto: Steinar Lote / NRK

Set opp eigne bussar

Informasjonsansvarleg i 4H, Beate Patay, seier at dei no har starta organisering av heimsendinga. Mange vert køyrde heim med dei same, leigde bussane som dei kom med til leiren.

- Det er ikkje aktuelt å sende deltakarar med vanleg rutebussar. Vi set opp eigne bussar, seier ho.

I tillegg har ein del foreldre frå spesielt Sogn og Fjordane sagt at dei ønskjer å kome og hente ungane sine.

- Det har dei sjølvsagt høve til, seier Paty.

Ho fortel at den første busslasten går laurdag kveld, og trur leiren vil tømmast i løpet av søndag.

– Men vi har jo nokre internasjonale deltakarar som det er verre å ordne heimreisa til. Så dei vert nok verande litt lenger, seier ho.