Hopp til innhold

Her må du vente ein time på ferja - og vogntoga slit i kaoset

Verdsstjerna Bruce Springsteen sin konsert i Bergen skapar lange køar på Lavik ferjekai. – Det er kaotisk for oss som har 20 meter lange bilar, seier vogntogsjåfør Ronny Sæterlid.

Lang ferjekø ved Lavik.

NY KØ: Måndag er det for andre dag på rad lang ventetid for å komme over Sognefjorden.

Foto: Privat

Statens vegvesen og Fjord1 opplyser om kring ein time ventetid for å komme med ferja over Sognefjorden til Oppedal.

Problem for vogntog

– Det er so vidt me kjem oss opp korketrekkarsvingen, seier Ronny Sæterlid. Han køyrer vogntog, og kom frå Oppedal til Lavik klokka 16.

– Krysset var blokkert, og bilane står midt i vegen og tenkjer ikke på oss som har store trailerar. Dei tenkjer berre på å koma seg ned på kaien, ikkje at folk skal vekk derifrå også, seier han frustrert.

Han er kritisk til at det ikkje er nokon som kan halda styr på kaoset, og etterlyser nokon som kunne dirigert trafikken.

– Eg tykkjer Fjord1 skulle hatt nokon som dirigerte trafikken der. Det var so vidt eg klarte å få hengaren med meg opp bakken, seier han.

Bruce Springsteen

I OSLO: Bruce Springsteen spelte laurdag og søndag i Oslo.

Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix

– Som alle truleg veit, så er det ein stor konsert i Bergen i kveld, Bruce Springsteen. Vi ser at det er stor trafikk innover mot Bergen, seier Oskar Bergheim i Fjord1.

Andre dag på rad

Søndag ettermiddag var det altså reisande frå rockefestivalen Malakoff i Eid som førte til lange køar og lange ventetider på ferjekaien på Lavik.

Mellom andre Jørgen Hovlandsdal måtte vente to timar på å komme med ferja.

– Eg var ikkje kome til skiltet det står Lavik på ein gong, då køen stoppa meg. Til slutt kom eg med på ferja som gjekk 19.30, som var den femte ferja som var der medan eg stod i kø, fortalte han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Lang ferjekø ved Lavik.

KØ: Køen går langt forbi Statoil-stasjonen ved Lavik.

Foto: Privat

Hektiske dagar

Etter ruta vart den eine av to ferjer teken ut av drift klokka 22. Til stor frustrasjon hos mange av bilistane.

Ann-Elisabeth Lavik Akse ved Statoil-stasjonen fortel om hektiske dagar når køane blir så lange. Sjølv om ein skulle tru at omsetnaden steig i veret på "lang-kø-dagar", seier ho at det ikkje er beint fram så enkelt.

– Når køane blir lange, så køyrer ikkje bilistane ut av køen for å fylle drivstoff, så drivstoffsalet tek ikkje av. Men vi ser derimot at vi sel mykje meir av pølser og brus, fortel ho.

Par-tre timar

Bergheim seier at avgangane måndag går som normalt etter rutene, og at dei ikkje har tiltak å setje i verk. Han trur køene vil løyse seg etterkvart som det nærmar seg konsertstart på Koengen.

– Vi reknar med at det verste går no eitt par-tre timar framover, seier Bergheim.