Hopp til innhold

Send video - og vinn gåvekort!

Har du vore på hausttur eller jakt, og samstundes sikra deg flotte motiv med kamera? Då kan du bli med i kåringa av beste video og bilete – og du kan vinne gåvekort på 2000 kroner.

Vandring i skog og fjell på jakt etter rypeflokker i Bø i Vesterålen.
Foto: Bjørnar Hansen

Vinteren står for døra, og med sterke og flotte haustfargar i naturen er det nok mange som har sikra seg flotte bilete med kameraet sitt.

Kanskje har du teke ein video med opplevingar frå jakta? Eller har du teke bilete av barnebarna dine på sopptur?

NRK.no vil gjerne vise fram dei flotte videoane og bileta dine på nettsidene våre. Som takk plukkar vi ut to vinnarar, som begge får gåvekort i premie:

  • Vi kårar den beste videoen. Vinnaren får eit gåvekort på fotoutstyr til 2000 kroner i ein valfri fotobutikk.
  • Vi plukkar også ut ein vinnar av beste foto. Vedkommande får eit gåvekort på 1000 kroner i fotoutstyr.

I tillegg får to innsendarar ein NRK-ryggsekk med NRK-effektar som premie.

Slik sender du oss video:

Gå inn på www.wetransfer.com og skriv inn adressa sffoto@nrk.no i mottakarfeltet. Legg ved informasjon om kvar videoen er teke, kva den syner, og kven som er fotograf.

Videoen må vere utan musikk.

Tenesta har ei grense på overføring av filer på 2GB, og videoen må ikkje vere større enn dette.

Slik sender du oss bilete:

Vi ønskjer bilete tilsendt via e-post til sffoto@nrk.no. Merk e-posten med «fotokonkurranse». Pass på å sende med informasjon om kvar biletet er teke, kva motivet syner, og kven som er fotograf.

Vi vil òg gjerne ha andre opplysningar om biletet – særleg viss det knyter seg ei spesiell historie til det.

Bileta blir presenterte på nettet med ei breidde på 650 biletpunkt (16:9-format), og må ikkje vere mindre enn dette. Bileta vil vi helst ha i originalstorleik.

Vi ønskjer bileta tilsendt i jpg- eller tif-format. Vi ser helst at du sjølv tek deg av eventuell bearbeiding av bileta.

Fristen er i november

Alle kan delta, og dersom du vil ha tips om korleis du skal gå fram for å få gode bilete kan du få gode fotoråd her.

Frist for å sende inn video eller bilete til NRK.no er 15. november.

Ved å sende video eller bilete, gir du oss løyve til å nytte dei på nettsidene til NRK. Stoff som blir brukt, blir lagd ut saman med namnet til fotografen. NRK skal ikkje selje bileta vidare.