Hopp til innhold

1 av 4 ønskjer å bevare

Kvar fjerde Oslo-borgar meiner det er viktig å behalde Nasjonalgalleriet for den klassiske kunsten.

Nasjonalgalleriet på Tullinløkka
Foto: Karen Riekeles Frivik

Engasjementet rundt det nye Nasjonalmuseet er stort blant innbyggjarane i hovudstaden.

Meiningsmålingsbyråa Omnibus og Visendi har på oppdrag for aksjonsgruppa for å bevare Nasjonalgalleriet spurt 500 Oslo-borgarar om museet.

Undersøkjinga syner at kvar fjerde Oslo-borgar meiner det er viktig eller særs viktig å behalde Nasjonalgalleriet får behalde sine historiske samlingar.

Berre 1 av 30 Oslo-borgarar meiner det er viktig eller særs viktig at samlinga blir flytta til Vestbanen.

Dei engasjerte vil ikkje ha flytting

Dei som meiner saka er viktig, er sterkt imot at den historiske kunstsamlinga blir flytta.

28,6 prosent av dei spurde svarar at dei er imot at Nasjonalgalleriet sine samlingar blir flytta til Vestbanen.

Blant desse, meiner 78 prosent at saka er viktig.

24,7 prosent er for at dei historiske samlingane blir flytta til Vestbanen.

Men storparten av desse seier samtidig at dei bryr seg lite eller middels om saka.

Størst er engasjementet for Nasjonalgalleriet i Oslo Vest. Men svara her skiljer seg elles ikkje ut frå Oslo.

Kulturstrøm