Det viser ei stor NRK-kartlegging av sjølvmord på vegane dei siste ti åra.
– Tida stoppa opp. Den stod nesten rolig. Og eg tenkte «nei, skal dette skje meg og», seier yrkessjåfør Steinar Ysterud.
Han hadde høyrt om det fleire gongar. At kollegaer hadde møtt personbilar der sjåføren ikkje orka å leve lenger. Han stod på bremsene, men skjønte at det kom til å gå gale.
- Les også:
– Eg lukka auga på slutten. Eg veit ikkje kor lang tid det tok. Det var sikkert berre nokre tiandedels sekund, men det verka mykje lenger. Så smalt det tilslutt.
Då han opna auga var frontruta borte og det osa røyk, damp, olje og diesel.
– Det første som slo meg var at her var det lurt å komme seg ut i tilfelle brann. Eg kom meg ut av passasjerdøra og ut på eit jorde, seier Ysterud.
Køyrer aldri igjen
Av 182 mistenkte sjølvmord på vegane, er 126 mot møtande trafikk. 113 vogntog og bussar er trefte.
Guttorm Tysnes er ein av dei som blir oppringd når ein kollega har opplevd eit sjølvmord i trafikken og treng hjelp. Han er leiar i støtteordninga Kollegahjelpen. Målet deira er at sjåførane skal få eit best mogleg liv etter hendinga.
– Nokre klarer seg bra og kjem fort tilbake i jobb. Andre går det dessverre så dårleg med at dei aldri køyrer lastebil igjen. Nokre blir uføretrygda.
Tysnes fortel at det viktigaste er å vere der. Å forklare at mange reaksjonar er naturlege. Og at livet må gå vidare.
– Det er tøft å sjå store, sterke menn som vanlegvis ikkje gret sitte og gråte. Som er usikre. I sjokk. Og som lurer på korleis dei skal komme seg vidare.
LES OGSÅ:
– Det blei svart
– Eg var overraska over kor god kontroll eg hadde, seier Ysterud.
Han tenkjer tilbake på timane etter kollisjonen. Han var fast bestemt på at han skulle ut på vegen igjen dagen etter. Det gjorde han. Først dagen etter der igjen kom reaksjonen.
– Då vart det svart. Då vart eg liggande i senga om morgonen. Eg tenkte at i dag klarer eg ikkje komme meg opp.
På jobben skulle han køyre akkurat same ruta han hadde hatt to dagar før.
– Den dagen var rimeleg tøff. Når reaksjonen først kom, kjende eg kor anspent eg var. Eg var jo anspent heilt ut i fingerledda og heilt ned til knea. Det brukte eg ein månad på å få ut av kroppen. Det var ei ganske heftig oppleving.
Ei stund var han sint fordi hendinga hadde øydelagd tryggleiken og trivselen Ysterud vanlegvis hadde på vegen.
– Men eg jobba meg ut av det og har ikkje mèn av det i dag. Eg har snakka mykje om hendinga, og det fortalde fastlegen at eg gjorde rett i.