Hopp til innhold

Walltin sympatiserer med spanske spelarar

Opningshelga i spanske La Liga er truga med streik. – Det er uhaldbart at klubbane held fram med å kjøpe nye spelarar når etablerte spelarar ikkje får løn, seier NISO-leiaren.

Spania

– No viser det seg at streik er naudsynt i både Spania og Italia, og krava må respekterast, seier NISO-leiar Joachim Walltin.

Foto: JAVIER SORIANO / Afp

Joachim Walltin

– Vi får håpe at begge partar kjem raskt fram til ei løysing, seier Walltin.

Foto: Øijord, Thomas Winje / Scanpix

Det går mot fotballstreik i Spania. Spelarorganisasjonen blir ikkje einig med ligaforeininga og dermed blir det ingen ting av opninga av La Liga til helga.

Leiaren av den norske spelarorganisasjonen, NISO, Joakim Walltin, forstår dei spanske spelarane.

– Ligaen kan ikkje samanlikast med den norske, men prinsippa er like. Det handlar litt om ein kollektiv avtale som dei ikkje er einige om. Så handlar det også om at spelarane ikkje har fått løn på lang tid, og vil no sikre at det skjer, seier Walltin.

Vil ha garanti om løn

Mykje står på spel når stjernene i spansk fotball trugar med å streike. I går møttes partane utan å bli einige.

Spelarforeininga vil ha gjennom krav om at det skal vere mogleg å bryte kontrakten dersom ein spelar ikkje får løn etter tre månader.

I tillegg vil spelarane at klubbane at spelarane skal setje av pengar i eit garantifond.

– Uhaldbar situasjon for spelarane

Walltin meiner ein streik kan betre forholda for spelarane.

– No viser det seg at det er naudsynt i både Spania og Italia, og krava må respekterast, seier NISO-leiaren.

– Trur du dei vil komme fram til ei løysing?

– Vi får håpe at begge partar kjem raskt fram til ei løysing. Eg forstår godt når det er snakk om at spelarar ikkje har fått løn på lang tid. At klubbane då held fram med å bruke pengar og kjøpe inn nye spelarar er uhaldbart i lengda, seier Walltin.

Fotball