Hopp til innhold

83 kommunar vil skrote gamle planar for å verne meir natur

Kommune-Noreg skjerpar innsatsen mot naturtap. Ny oversikt viser at rekordmange kommunar vil «vaske» gamle arealplanar.

Arealplan

NORDFJORDEID, VESTLAND: Det norske lokaldemokratiet har solide tradisjonar, og statleg overstyring av arealforvaltninga sit langt inne. I 2008 blei det likevel innført eit tidsavgrensa forbod mot etablering av bilbaserte kjøpesenter utanfor byar og tettstadar.

Foto: NINA

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Ei ny oversikt frå Miljødirektoratet viser at 83 kommunar har søkt staten om tilskot til å revidere gamle utbyggingsplanar. Søknadsperioden var 14. desember til 11. februar.

Sjå heile lista her.

Målet er å erstatte «grå» planar med nyare og meir naturvennlege arealplanar.

Direktør i Miljødirektoratet, Ellen Hambro, koplar den auka interessa frå kommunane til at naturtap har fått større merksemd i media.

Vi ser at korleis omsyn til klima og natur kan varetakast lokalt stadig oftare er ein del av den politiske diskusjonen i kommunane, seier ho.

Dette heng nok saman med større merksemd rundt nedbygging, og naturavtalen som blei vedtatt i Montreal i 2022.

Tidlegare i mars foreslo regjeringa å stramme inn fleire punkt i retningslinjene knytt til hytteutbygging i norske kommunar.

Ordninga som skal hjelpe kommunane heiter «Natursats».

Størrelsen på potten auka frå 3 til 53 millionar kroner etter budsjettforliket med SV før jul.

Klima og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen isfisker

– Mange kommunar ønsker å bevare naturen sin. Nå har dei fått enda eit verktøy til å drive betre arealplanlegging, seier Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap).

Foto: Den Norske Turistforening

Nødvendig å ta ein ny kikk på lovverket

Dårlege «forhandlingskort» og trykk frå næringsinteresser har gjort at Kommune-Noreg tradisjonelt har vore kalla «ein akilleshæl» i arbeidet med naturvern.

Presset mot kommunane auka då Naturrisikoutvalget (sjå under) bad regjeringa om å vere tøffare i klypa.

Blant råda var tydelegare føringar frå statlege myndigheiter, som potensielt kan svekke det som er karakterisert som «ein heilag ku» i Distrikts-Noreg – det lokalet sjølvstyret.

Les også Sinne etter påstand om «heime aleine-fest»

Spørretimen i Stortinget

I tillegg drøftar utvalet om det er nødvendig å ta ein ny kikk på lovverket.

NRK forklarer

Hva er naturrisiko?

Hva er naturrisiko?

Naturrisiko er faren for negative konsekvenser for aktører og samfunn ved tap og forringelse av natur og naturmangfold.

Hva er naturrisiko?

Man deler gjerne naturrisiko inn i tre ulike typer:

1) Fysisk naturrisiko

2) Omstillingsrisiko

3) Ansvarsrisiko.

Hva er naturrisiko?

Fysisk naturrisiko

Risikoen knyttet til konsekvensene av fysiske endringer i naturen som følger av menneskelig påvirkning.

Dette inkluderer menneskeskapte klimaendringer.

Hva er naturrisiko?

Omstillingsrisiko

Risikoen som kommer i perioden man endrer praksis slik at man bruker natur innenfor jordens tålegrenser.

Her foreslår utvalget å styrke tiltak for videreutdanning og omskolering for god omstilling og reduksjon av naturrisiko.

Hva er naturrisiko?

Ansvarsrisiko

Risiko knyttet til at tap av natur kan gi grunnlag for søksmål, som følge av at man har skadet natur.

Hva er naturrisiko?

Naturutvalget skal vurdere hvordan norske næringer og sektorer er og kan bli berørt av tap av natur og naturmangfold.

I tillegg skal de se på hvordan berørte aktører i Norge kan analysere og håndtere naturrisiko på best mulig måte.

Klima- og miljødepartementet «mista» hovudansvaret for norsk arealforvaltning til Kommunaldepartementet då Solberg-regjeringa tiltredde i 2013.

Grepet blei akkompagnert av to rundskriv der Solberg-regjeringa presiserte at statsforvaltarane skulle «avgrense bruken av innvendingar» og vektleggje lokaldemokratiet sterkare.

Les også Regjeringa skjermar lokalstyret – trass naturtap

Myrkdalen, Vestland

Kommunane sit på nøkkelen

Dei same tonane har kome frå Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap).

I staden for å «vengeklippe» kommunane har han teke til orde for rettleie kommunane innanfor eit strammare regelverk.

Resepten er «støtte til planvask» og «forsterka forventningar» om å avgrensa særleg to forhold: hyttebygginga og nedbygginga av myr.

Ønsket om meir smidigheit og fleksibilitet i strandsonevernet er ein annan «klassikar» som på rituelt vis set forholdet mellom lokalt sjølvstyre og nasjonal vernepolitikk på prøve.

Fredag morgon gjentek Bjelland Eriksen at kommunane «sit på nøkkelen til å bevare og sikre berekraftig bruk av naturen».

Han gler seg over dei siste Natursats-tala:

Mange kommunar ønsker å bevare naturen sin. Nå har dei fått enda eit verktøy til å drive betre arealplanlegging, seier han.

Kommunane sit på mykje kompetanse som vi må hauste av og vidareutvikle dersom vi skal få redusert tapet av natur.

Les også Ny rapport: mellomstore kommunar forsterkar naturkrisa

Her skulle dei bygge eit vindkraftanlegg på fast fjell. Det ingen hadde tenkt på var å undersøke grunnen på førehand.