Hopp til innhold

Bilbergarar må fjerne 80 bilar etter brann på kjøpesenter

Bilbergarar må truleg jobbe på skift utover natta for å få fjerna 80 røykskadde bilar frå eit parkeringsanlegg på Vestkanten Storsenter i Bergen.

Måndag føremiddag brann det i ein bil der, og sjåføren fekk i seg litt røyk. Det skal gå bra med han no. Kjøpesenteret vart evakuert og stengt i tre timar, ifølgje senterleiinga.

Bilane med sotskadar må ikkje starte opp motoren, men tauast vekk og bli reinsa for å unngå ytterlegare skade.

Bilbergarar fjernar bilar etter brann Vestkanten
Foto: Oskar Rennedal / NRK