Hopp til innhold

Brann i bustadblokk i Bergen – 14 evakuerte

14 personer blei evakuerte då det byrja å brenna i ei bustadblokk på Nattland i Bergen seint måndag kveld. Brannen blei rapportert rundt klokka 22.30 og meldt sløkt to timar seinare.

– Brannen starta i fjerde etasje og spreidde seg vidare til tre naboleilegheiter. Alle har store skadar i veggar og takkonstruksjon, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Morten Rebnor.

Det var mykje vind i området, og ei stund var det fare for spreiing.

Brannvesenet rykte ut frå Fana, Sandviken, Laksevåg og hovudstasjonen i Bergen.

– Me starta evakuering i den aktuelle blokka, og nærliggande blokker med ein gong me kom på staden, sa operasjonsleiar Dan Erik Johannessen i Vest politidistrikt måndag kveld.

Ingen personar er skadde eller sakna.

Det er for tidleg å seia noko om årsaka til brannen. Krimteknikarar i politiet skal undersøkja brannstaden og vitne skal avhøyrast.

Nattland brann
Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK