Hopp til innhold

E24: Tilsett varsla PST om mogleg sal til Russland

Ein tilsett hos Occean Electronics i Florø varsla hausten 2022 om mogleg ulovleg sal til Russland, skriv E24.

Då hadde den tilsette over tid undersøkt bakgrunnen til det han oppfatta som ein ny, større kunde. Den nye kunden, TR Radio Limited, hadde adresse i Tyrkia, men nettsida var registrert i Russland. Den tilsette var sikker på at selskapet hadde band til Russland.

Ein fersk dom frå Agder lagmannsrett slår fast at TR Radio Limited er knytt til eit russisk selskap.

Den tilsette valde å seia opp jobben sin etter å ha varsla leiinga om at teknologi frå selskapet risikerte å hamna på russiske hender. Før han sa opp varsla han også PST om det tyrkiskregistrerte selskapet.

Dagleg leiar i Occean Electronics, John Sigurd Solberg, stadfestar til E24 at ein tilsett reagerte på sal til TR Radio Limited, men seier at dei har fått skriftleg stadfesting på at firmaet ikkje handlar med Russland.

Solberg fortel at TR Radio Limited ikkje har levert nokon bestillingar i 2023 eller 2024, men utelukkar ikkje framtidig samarbeid med selskapet.

Ocean Electronics AS forhandlar mellom anna elektronisk utstyr for navigasjon og styring, i tillegg til kommunikasjon og fiskeleiting.

Florø
Foto: NTB