Hopp til innhold

Ettmålstap for Arna-Bjørnar – Brann med årets andre siger

Arna-Bjørnar kom under 0–2 etter berre eit kvarter av Toppserie-oppgjeret mot Stabæk på Arna idrettspark laurdag. Men ei redusering av Anna Nigardsøy ti minutt før ordinær tid gjorde at spaninga levde gjennom heile kampen. Diverre for heimelaget blei det ikkje fleire mål, og Arna-Bjørnar står no med eitt fattig poeng etter fire serierundar.

På Åsane arena tok heimelaget imot Brann til byderby. Mål av Signe Gaupset og to mål av svenske Johanna Renmark gjorde kampen til ei ganske komfortabel affære for Brann, som no har seks poeng etter tre kampar. Det held til ein førebels femteplass på tabellen.