Hopp til innhold

Her er Tom Cruise i Loen

Filmstjerna Tom Cruise er blitt observert i Loen i Vestland.

Tom Cruise i Loen

Tom Cruise like utanfor Hotel Alexandra i Loen.

Foto: Roger Oldeide / Fjordingen

Etter at rykta i helga gjekk om at Tom Cruises privatfly står på Vigra lufthamn, har fleire vore på utkikk etter Hollywood-stjerna i Noreg.

Tysdag kveld skriv blant anna Sunnmørsposten at Tom Cruise var på Hoven i Loen for å gjennomføre basehopp.

– Han var her for to helger sidan og så har eg sett han hoppe i heile formiddag, seier ein lokal mann frå Loen til NRK.

Tom Cruise i Loen

61-åringen ser framleis sprek ut etter å ha hoppa frå fjellet Hoven.

Foto: Roger Oldeide / Fjordingen

Heilt sidan 28. april har folk observert Mission Impossible-stjerna på Vestlandet, men ingen har fått bilete av stjerna før no.

61-åringen blei observert etter å ha basehoppa frå Hoven-fjellet i Loen. Før han seinare blei teken bilete av i svarte kleder og kvite joggesko.

Hotelldirektør på Hotel Alexandra, Richard Grov, ønskjer ikkje å kommentere Cruise-besøket i Loen.

Tom Erik Heimen setter verdsrekord frå Hoven i Loen

Hoven i Loen er ein kjent destinasjon for basehopping.

Foto: Sondre Olav Bø Nesje/Loen Skylift

Les også Tom Cruise dukka opp på jobben til Bergit: – Det var heilt fantastisk

Bergit Svenning møtte skodespelar Tom Cruise på jobben hennar på Svalbar.

Cruise har vore på fleire Noregs-besøk dei siste åra. Mellom anna for å spele inn filmar i Mission Impossible-serien.

Den siste og sjuande i rekka, «Dead Reckoning Part One», blei delvis filma i Møre og Romsdal der Cruise hoppa frå eit fjell på motorsykkel i Hellesylt. Det blei også spelt inn scener i Åndalsnes.

Tom Cruise på Åndalsnes.

Tom Cruise under innspeling av «Mission Impossible – Dead Reckoning Part One» i Åndalsnes, Møre og Romsdal.

Foto: Kurt R. Vaagen

Også den komande filmen, «Dead Reckoning Part Two», er blitt spelt inn i Noreg. I fjor var Cruise og filmproduksjonen hans på Svalbard.

Les også Tom Cruise på plass i Longyearbyen

Tom Cruise på Svalbard

Filmen har premiere i juni 2025.

Frå før har også filmen «Mission Impossible – Fallout» blitt spelt inn på Preikestolen i Rogaland.

Les også Mission Impossible-premiere i måneskinn på Preikestolen

MI6-premiere på Preikestolen 01.08.2018

I Loen i Vestland har Hollywood-stjerna Tom Cruise blitt observert ein rekkje gongar dei siste vekene.