Hopp til innhold

Høgre dekker tur til København

Byrådsleiar i Bergen, Christine Meyer (H), opplyser at Bergen Høgre betaler ein tur til København i staden for at denne blir dekka av kommunen.

Bakgrunnen, skriv ho, er at ungdomskriminaliteten har auka med 40 prosent på eitt år i Bergen, og at Bergen Høgre difor tok kontakt med leiinga i dei største byane for å spørje om dei var interesserte i å besøke København. Dette for å lære om korleis dei jobbar motarbeide og førebygge av ungdoms- og gjengkriminalitet.

Fleire parti har, ifølge Meyer, stilt spørsmål om turen burde vore dekka av Høgre som parti eller av kommunen. Høgre kom først fram til at turen hadde stor nytte for kommunen, men har no gitt tilbod om å dekke kostnadene til turen.

Meyer har tidlegare halde hemmeleg informasjon om turen. Ho meinte då at dokumenta var intern kommunikasjon i høvesvis byrådsavdelinga og Høgre.