Digitaliseringsminister Karianne Tung og energiminister Terje Aasland sa sist veke at Noreg skal «lukke døra» for kryptoutvinning på norsk jord.
– Kryptoutvinning er hefta med store klimagassutslepp, og er ein type verksemd vi ikkje ønsker i Noreg, sa Aasland til VG.
I overskrifta heitte det at regjeringa «slår ned på krypto-datasenter».
Så seint som i 2022 sa Arbeidarpartiet og Senterpartiet nei til eit forslag om eit tilsvarande forbod.
Grunngivinga var at regjeringa ville «unngå eit særnorsk kryptoforbod», og at det var «prinsipielt problematisk å diskriminere datasenter ut frå ei politisk definert samfunnsnytte».
– Regjeringa har villeia
Dei nye signala frå regjeringa vart difor godt motteke blant kritikarar som meiner krypto-mining er «unødvendig» og utan samfunnsmessig gevinst.
Når lovforslaget ligg føre, er responsen ein annan.
Ein gjennomgang hos nettstaden Europower viser at forslaget inneheld ingen konsesjonskrav eller andre mekanismar som er til hinder for krypto-utvinning på norsk jord.
Den einaste «nyheita» er eit krav om at datasenter og kryptofabrikkar må «registrere» seg, men dette er ikkje nyare enn at det blei innført som forskrift i 2022.
Skuldinga frå budsjettpartnar SV er difor klar: Regjeringa har villeia om eit forbod som verken finst eller kjem.
– Målet er å lukke døra
Karianne Tung deltok i Politisk Kvarter tysdag morgon for å svare på skuldingane.
Ho presiserte: Dørlukkinga var ikkje ein del av den nye loven, men uttrykk for ein ambisjon:
– Målet er å lukke døra, sa ho.
– Dette er det fyrste steget.
Ho la til at det ikkje er mogleg å forby enkeltaktørar og at ein konsesjonsplikt kan få utilsikta konsekvensar.
– No har vi lagt fram ein lov som innfører ein registreringsplikt som gir oss ein oversikt over aktørane.
– Eg er den første europeiske statsråden som gjer det. Då er det rart å bli kritisert for at vi ikkje gjer noko.
– Det er ei løgnaktig framstilling
Stortingsrepresentant for SV, Lars Haltbrekken, står fast på at regjeringa har «villeia» folket.
– Om regjeringa ønsker eit kryptoforbod, så er svaret enkelt: Dei kan stemme for forslaget vårt om å gjere nettopp det – forby det, seier han.
Stortinget skal etter planen stemme over SV-forslaget i juni.
Sofie Marhaug meiner kommunikasjonen om kryptoforbod grensar til løgn.
– Det er ei løgnaktig framstilling. Statnett har framleis ikkje fått instruksar om å la vere å gi kraft til meiningslaus kraftsløsing, seier ho.
Terje Halleland, Frp
- Dette lovforslaget stenger absolutt ingen dører. Dette er nok eit bevis på at regjeringa sviktar når det kjem til stykket. Ein kan jo spørje seg om regjeringa er «all bark and no bite». Lovforslaget burde inneheldt restriksjonar for ei større prioritering av kva vi bruker krafta til og korleis tilgjengeleg kraft blir fordelt, så lenge ein lever i skuggen av kraftmangel.
Fredrik Syversen, direktør strategi- og forretningsutvikling i IKT-Noreg
– Vi har lenge vore kritisk til kryptoutvinning, men vi anerkjenner at dette er lovleg verksemd. Registreringsplikta gir kommunar og reguleringsmyndigheiter meir informasjon og høve til å prioritere, og det er bra. Å forby bruk av kraft til verksemd ein ikkje liker er vanskeleg og vil møte motstand fordi det bryt med EØS. Dette veit sjølvsagt dei politiske myndigheitene våre.
Sigrun Aasland, ZERO-leiar
– Kraft og nett må framover prioritere utsleppskutt, og da må regjeringa lage regelverk som både stiller strengare krav til nyetableringar, og som gjer tydeleg kven som kjem fremst i køen når kraft og nett er knapt. Vi kjem gjerne med innspel til dette.
Sofie Marhaug, Raudt
– Eg reagerte på utspelet i VG, for i røynda inneheld ikkje lova noko som forbyr kryptoutvinning. Det blir berre litt betre kunnskapsgrunnlag for kommunane når dei behandlar planar lokalt.
Alfred Bjørlo, Venstre
– Det er nesten ikkje til å tru at regjeringa har brukt to år på ingenting for å stoppe krypto på norsk jord – samtidig som Energiministeren også står bom stille i arbeidet med å prioritere bruk av knappe straumressursar i Noreg
Rasmus Hansson, MDG
– MDG har lenge argumentert for at Noreg må ta stilling til kva vi meiner energi skal brukast til. Eit lovverk som hindrar regjeringa i å styre krafta til dei næringane Noreg bør satse på, er veldig lite grøn næringspolitikk. Kryptovaluta er eksempel på ein produksjon som vi sjølvsagt må ha verkemiddel for å plassere langt bak i energi-køen.
Bjørn Rønning, dagleg leiar Norsk Datasenter Industri
– Vi har forståing for ønsket om å unngå at Noregs energiressursar blir brukte til kryptoutvinning, og at dette er utfordrande å gjennomføre i praksis. Datasenterindustrien i Noreg er samfunnskritisk verksemd som held mobilnett, toglinjer, sjukehus og norske bedrifter i gang. Kryptoutvinning er ein heilt annan bransje som ikkje er velkommen som medlemmer.
Rune Aale-Hansen, administrerande direktør i Regnskap Norge
– Som ombodsmann for næringslivet er Regnskap Norge opptatt av pålitelegheit, ikkje minst når det gjeld kamp mot svart økonomi. Her deler vi stort engasjement med myndigheitene blant anna gjennom auka samarbeid med Økokrim. Det som er ugreitt, er at ein statsråd nærast set likskapsteikn mellom bruk av kryptovaluta og kriminell verksemd.
Summen av datasenter, hydrogenfabrikkar og meir eller mindre grøne industrietableringar har det siste året skapt uro for at landet blir «støvsoge» for kraft.
– Vi vil ha klare køyrereglar for prioritering i straumnettet. For oss står kryptoutvinning svært, svært langt nede på den lista, seier stortingsrepresentant for Venstre, Alfred Bjørlo.
Han karakteriserer lovforslaget til regjeringa som «pinleg og tafatt».
– Regjeringa gir i praksis grønt lys for kryptofabrikkar i Noreg. Det er flautt, og slik kan vi ikkje ha det.
– Ikkje rett fram å regulere ein marknad der utviklinga går så fort
700 meter inne i fjellet og 60 meter under havoverflata ligg Lefdal Mine Datacenter.
Den gamle olivingruva i Stad kommune blei i 2017 omskapt til det største datasenteret i Nord-Europa, og lokka til seg selskap med ulike interesser, mellom anna eit tysk kryptoselskap.
I dag seier dei «konsekvent nei til kundar som driv med krypto».
– Vi har også eit styrevedtak på at kundar ikkje har lov til å vinne ut kryptovaluta på serverar installert hos oss, seier Jørn Skaane, som er dagleg leiar i datasenteret.
Han legg til:
– Når det er sagt, er det ikkje heilt rett fram å regulere ein marknad der den teknologiske utviklinga går så fort. Eg har derfor forståing for at intensjonen ikkje er så enkel å lovregulere.