Hopp til innhold

Måtte berge kvinne ned frå fjell i natt

Ei utanlands kvinne måtte i går kveld få hjelp til å berge seg ned frå Vidden i Bergen. Ho var åleine, melder Vest politidistrikt, som fekk melding om hendinga klokka 18. 17. Dei sende ut Røde Kors til staden, som litt etter 21.00 hadde fått kontakt med kvinna. Klokka 00. 42 var kvinna i 20- åra nede frå fjellet att. Ho var kald og litt sliten, men hadde ikkje behov for helsehjelp.