Hopp til innhold

Politiet væpna seg etter melding om knivtruslar på russesamling

Tre personar, som ikkje var russ, vart natt til onsdag vist vekk frå Hordnesskogen etter melding om slagsmål på staden.

Ifølgje operasjonsleiar Tore-André Brakstad i Vest politidistrikt fekk dei melding om slagsmål, og at nokon hadde truga med kniv.

– Våre patruljar væpna seg difor. Men då me kom fram fekk me raskt kontroll over situasjonen. Det var ingen som hevda seg truga med kniv, seier Brakstad.

Det var russen som i utgangspunkt var i Hordnesskogen. Men så skal det ha komme ei gruppering som ikkje var russ. Deretter skal det ha oppstått klammeri. Tre av desse vart difor vist vekk, opplyser Brakstad.