Hopp til innhold

Smekkfullt på Finsehytta etter togtrøbbel

På Finsehytta, som er driven av Den Norske Turistforeningen, er det fullt hus laurdag kveld. Alle 176 sengene er bestilte, og rundt 20 madrassar blir gjorde klare på golvet, seier Eli Stavheim, som arbeider i resepsjonen.

– No har me meir enn nok med å servera her, seier ho til NRK klokka 21.30.

180 personar har fått middagsbuffet, eit tal som er langt høgare enn vanleg, ifølge Stavheim.

– Me gjer så godt vi kan, men det er eit ekstra trykk i kveld, det er det ingen tvil om. Det var mange som skulle vidare med tog, som ikkje kom seg vidare. Mange har enda opp her. Det blir spennande å sjå om me har nok mat, seier ho.

Stavheim seier det ofte er fullt i helgar med fine vêrmeldingar. Akkurat Skarverenns-helga pleier ikkje vere så travel, då dei fleste endar opp lenger aust på Hardangervidda (målgang ved Ustaoset).

Vertskapet på Finsehytta har måtta seia nei til folk som vil kjøpa mat, fortel Stavheim.

– Det er ikkje sitjeplassar. Me har dekt til i resepsjonen og i peisestova for at folk skal få bordsetting, og gjort så godt me kan.

Stavheim har uansett gode nyhende for dei drygt 200 som tilbringar natta i lag på fjellet.

– Dei som må bli over natta kan i det minste venta seg ein flott dag i morgon. Då ser vêrmeldingane fine ut.