Hopp til innhold

Strid om laksen er «norsk» eller ikkje

Ei ustabil verd har sett matberedskap på dagsorden. Men dei folkevalde blir ikkje einige om oppdrettslaksen er norsk.

En brønnbåt ligger ved to merder ute i havet. I bakgrunnen kan fjellene på Træna skimtes i det fjerne.

MADE IN NORWAY: Fleire folkevalde mobiliserer for å gi laksen «ein plass ved bordet» i den norske beredskapsdebatten – saman med kjøtt, mjølk, egg og grønsaker. Stortingsmeldinga om sjølvforsyning kjem til votering 18. april.

Foto: Steffen Kalås

Frontane er steile når Stortinget denne våren skal svare på følgande spørsmål:

Er oppdrettslaksen «norsk» nok til å gi utteljing på den norske sjølvforsyningsgraden?

Når så mykje som 90 prosent av laksefôret er importert, går det ikkje an å hevde at han er eit norsk produkt, seier stortingsrepresentant for Raudt, Geir Jørgensen.

Fiskarson og stortingsrepresentant for Høgre, Olve Grotle, er av ei anna oppfatning.

Om vi skal snakke om sjølvberging, så kan vi ikkje oversjå fisken, seier han.

Bakgrunnen for striden er den auka spenninga mellom Russland og Vesten, som har sett matberedskap på dagsorden.

I mars la derfor regjeringa fram ein plan for å auke sjølvforsyningsgrada til «minst 50 prosent». I dag er den 46 prosent.

Eller?

For om fisken blir rekna med, og omgrepet «sjølvforsyningsgrad» blir bytt ut med «dekningsgrad», så sprett skåren opp i 90 prosent.

Da blir det nesten litt komisk å snakke om at vi ikkje er sjølvberga, seier Grotle.

bpe8-gu_UmY

Totalberedskapskommisjonen konkluderte i fjor med at Noreg bør styrke matberedskapen og produsere meir mat sjølv.

Foto: NTB

– Eit gedige paradoks at sjømat ikkje inngår i berekningane

Grotle tidfestar det andre syndefallet til byrjinga av 2000-talet da Landbruksdepartementet endra namn til Landbruks- og matdepartementet (LMD), og slik styrkte koplinga mellom jordbruk og mat.

Medan fisken måtte freiste eit tilvære som eksportartikkel under næringsdepartementet.

Det første syndefallet skjedde da fiskarbonden blei frårøva sin rettmessige plass i nasjonsbygginga på 1800-talet.

Sjølv om folk flest livnærte seg av sjøen, var det stabbura – og ikkje nausta – som fekk definere den norske ikonografien.

Slik lyder ein utbreidd klagesong langs kysten, og ifølge sjømatnæringa går det ei linje frå desse motiva og fram til dagens debatt om kva det vil seie å produsere norsk mat.

Telemarksjentene (1883)

Telemarksjentene (1883) av Erik Werenskiold. Typisk austlandsmotiv, ifølgje kritikarar langs kysten.

Illustrasjon: Erik Werenskiold

– Sjømatnæringa har vore ein av landets viktigaste og næringar sidan Harald Hårfagres tid. Då er det eit gedige paradoks at sjømat ikkje inngår i berekningane, seier direktør i Sjømatbedriftene, Robert Eriksson.

Spørsmålet om oppdrettslaksen er «norsk» eller ikkje, er ikkje berre eit definisjonsspørsmål. Det er også eit spørsmål om interessemotsetningar.

Forklaringa er at «blå sektor» (havbruk) er ein eksportsuksess som trivst med få reguleringar, medan «grøn sektor» (landbruket) er avhengig av hjelp og tollmurar.

Og denne motsetninga er for djup til at han har ei løysing?

– Beredskapspolitikken lir under at vi dyrkar gamle mytar om at det er ein «mur» mellom jordbruk og sjømat, og at desse har motsette interesser i til dømes handel, seier Alfred Bjørlo (V).

Han legg til:

Det er på høg tid at Noreg følgjer i fotspora til Jesus og gjer fisk til mat. Nordmenn har levd på «sild og poteter» før.

Eller er det også ein myte?

Potensialet for å hente protein og feitt frå havet i ei krise er stor, men utan samanlikning elles: Fisken utgjorde ikkje meir enn 10 prosent av energien frå det vi åt under krigen, seier Gaute Lenvik, administrerande direktør i Norsk landbrukssamvirke.

Mariann Frantsen, Pelagisk Forening
Pelagisk Forening

Mariann Frantsen, Pelagisk Forening

– Etter utbrotet av krigen i Ukraina har det vore eit auka søkelys på sjølvforsyning her i Noreg. Da er det uforståeleg at sjømat av ein eller annan grunn ikkje blir rekna som mat når det blir diskutert sjølvforsyning. Vi kan servere befolkninga i Noreg sju måltid kvar dag, men likevel blir det hevda at vi ikkje er sjølvforsynte. Her er det ein logisk brest.

Jørn Prangerød Biomarint forum
Biomarint forum

Jørn Prangerød, Biomarint forum

– Det er på grensa til uansvarleg ikkje å ta omsyn til at vi er ei stormakt innan fiskeri- og havbruk. Når vi produserer 40 millionar sjømatmåltid kvar einaste dag, er det openbert at meir av dette i ei krise eller krigssituasjon må gå til å mette eiga befolkning. Noregs rolle som leverandør av sjømat er ikkje berre viktig for oss sjølve, men også for nabolanda våre i Europa.

Kåre Heggebø. leiar i Noregs Fiskarlag
JanErik Indrestrand

Kåre Heggebø, leiar i Noregs Fiskarlag

– Det overraskar oss at regjeringa behandlar eit så viktig tema som sjølvforsyning av mat, utan at sjømaten i praksis blir nemnd. Auka konsum av sjømat er i tråd med kosthaldsråda, og havet byr på varierte og velsmakande råvarer. samla matproduksjon i Noreg er stor nok til å dekke behovet til befolkninga i ein eventuell krisesituasjon – når vi inkluderer sjømat.

Geir Jørgensen
John Inge Johansen / NRK

Geir Jørgensen, Raudt

– Alle skjønner at villfisken vil telje som ein matressurs om krise eller krig rammar. Men dette har ingenting med saka å gjere når Stortinget skal vedta politikk for auka sjølvforsyning. Mest sannsynleg vil Høgre gå på eit kraftig politisk nederlag for den marknadsliberalistiske landbrukspolitikken sin, som har ført til at Noreg er blant landa med lågast sjølvforsyningsgrad.

Adm.dir. GeirOve Ystmark i Sjømat Noreg
Frida Brembo

Geir Ove Ystmark, direktør i Sjømat Noreg

– Sjølvforsyningsgrad gir ikkje eit godt bilde på matvareberedskapen i Noreg, rett og slett fordi han tar utgangspunkt i kva vi et her og nå og kven som produserer det vi et i dag. Den tar ikkje opp i seg beredskapspotensialet vi har i Noreg og kor mykje mat vi vil ha tilgjengeleg i Noreg ved ein krig eller krise.

Anton Langeland generalsekretær i Norsk Bonde og Småbrukarlag
generalsekretær i Norsk Bonde og Småbrukarlag

Anton Langeland, generalsekretær i Norsk Bonde- og Småbrukarlag

– Laks har ingenting med sjølvforsyning å gjere ettersom om lag 90 prosent av laksefôret er importert. Når vi snakkar om sjølvforsyningsgrad, korrigerer vi for importert fôr. Dekningsgrad korrigerer ikkje for importerte fôrråvarer, derfor er dekningsgrada misvisande i forhold til sjølvforsyningsevna landa har.

Alfred Bjørlo stortingsrepresentant for Venstre står på talarstolen.
Geir Olsen / NTB

Alfred Bjørlo, Venstre

– Vi er allereie ei stormakt på sjømateksport, men det ligg eit uforløyst potensial i auka eksport av norske landbruksprodukt, som vi ikkje tar ut i dag. Samtidig kan restavfall og slam frå havbruk bli ei viktig næringskjelde for landbruket, og produkt frå landbruket kan bli viktig som fôrkjelder for havbruket. Men då må vi snu tankesettet: Fisk må bli til mat, og vi treng eitt matdepartement.

Gaute Lenvik
Norsk landbrukssamvirke

Gaute Lenvik, administrerande direktør i Norsk landbrukssamvirke

– I ein krisesituasjon kan mat frå havet gå frå 2 til 10 prosent, og kanskje godt over dette. Men skal forsyninga vere stabil over tid, vil det særleg vere villfisk som må vere hovudkjelda. Også andre forhold må drøftast nærare. Til dømes må fisken foredlast for å gå inn i nasjonale forsyningsstraumar. Dette viser behovet for å ha kontroll på heile «matsystemet» i ein beredskapssituasjon.

Rasmus Hansson stortingsrepresentant MDG
Lise Åserud / NTB

Rasmus Hansson, MDG

– Meir norsk fisk må på land i Noreg, meir må foredlast til gode produkt i Noreg, fiskeprodukta må ut i butikkhyllene og det må køyrast informasjon og reklame om å ete fisk. Så høyrer eg at fiskerinæringa snakkar om fisk som norsk mat, men gjer dei mykje meir enn å snakke om det? Det er lett å få inntrykk av at næringa er meir opptatt av å selje fisk til japanarar enn til nordmenn.

Zyth_eM3Y8
NTB

Bengt Rune Strifeldt, Framstegspartiet

– Vi vil be regjeringa om å endre berekningsmodell for sjølvforsyning og matsikkerheit slik at norsk sjømat også blir medrekna. Under dette også at import av innsatsfaktorar til fôr i ei krise kan erstattast av norskproduserte innsatsfaktorar

Støre krig
William Jobling / NRK

Torgeir Fylkesnes, SV

– Det er klart fisken er ein stor del av ressursgrunnlaget vårt, og SV meiner det er naturleg at fisk også må reknast inn i sjølvforsyningsgrada. Men i praksis vil dette berre gjelde villfisk, sidan all fôr til oppdrett er importert. Det er sjølvforsyning korrigert for import av fôr som er relevant når det gjeld matsikkerheit og beredskap. Mat basert på det norske ressursgrunnlaget rett og slett.

Ola Hedstein
Norsk landbrukssamvirke

Ola Hedstein, Rethink Food

– Vi anbefaler at blå og grøn sektor vert set i samanheng i matpolitikken. Dagens sektorinndeling på alle forvaltningsnivå avgrensar moglegheita for å utnytte synergiane i dei biologiske primærnæringane. Dette er ikkje berre uheldig i matvareberedskapen, men avgrensar også moglegheita for å utnytte viktige fornybare ressursar og utvikle meir sirkulære produksjonsmetodar.

Egil Christopher Hoen leder Buskerud Bondelag

Egil Christopher Hoen, 1. nestleiar i Noregs bondelag

– Både fiskerinæringa og jordbruksnæringa bidrar til sjølvforsyninga i Noreg. Begge må til for at vi skal ha eit variert kosthald. Men sjølvforsyningsgrada må definerast ut frå kor stor del av produktet som faktisk er produsert på norske ressursar. Det vil seie at vi må trekke frå importert fôr for at det skal gi meining i sjølvforsyningsrekneskapen.

– Laksen i dag er 90 prosent søramerikansk soya pakka inn i tamfisk

Generalsekretær i Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Anton Langeland, skil mellom lokale kystfiskarar og havtrålarar:

Fangsten frå dei første kan komme til nytte i ein tenkt krisesituasjon. Men ikkje den andre.

Den viktigaste matvareberedskapen er den løpande produksjonen av mat innanlands, seier han.

Dette kan inkludere villfisk, men berre dersom Noreg sjølv er i stand til å foredle og distribuere han i ein krisesituasjon, og det er vi ikkje i nærleiken av i dag.

Auka press på å regne fisk som norsk mat

Menon har på oppdrag av Nærings- og fiskeridepartementet utarbeidd ein rapport om sjømatens betydning for matvareberedskapen i Noreg. Rapporten frå 2023 konkluderer med at fisk og sjømat kan dekke ein veldig stor del av matbehovet ved ei krise.

Foto: Skjermdump

Rasmus Hansson i MDG seier til NRK at matberedskapen gjerne må inkludere fisk – på to vilkår:

At oppdrettsnæringa i større grad rettar seg mot den norske marknaden («ikkje berre Japan»); og at innsatsfaktorane er norske.

Torsk, sild og hyse er fantastiske norske matressursar som vi må bruke meir av. Men laksen i dag er 90 prosent søramerikansk soya pakka inn i tamfisk som bur i norske merdar, seier Hansson.

Vi kan ikkje ete laks i ei krisetid, for da har ikkje laksen noko å ete.

Les også Statsråden må forklare seg til Stortinget om kva som er middag

Stortingssalen

Til dette innvender oppdrettsnæringa at dei kan byte ut deler av laksefôret med norsk fiskemjøl og fiskeolje om nødvendig – for eksempel om grensene blir stengde.

Ola Hedstein er partnar i Rethink Food, som jobbar med å utvikle meir berekraftige matsystem.

Han rår Stortinget til å ta ein breiare debatt om matvareberedskap, som ikkje ser seg blind på omgrepet sjølvforsyning.

– Interessekonfliktane som blir trekte opp mellom landbruk, fiskeri og oppdrett er uheldige og avgrensar moglegheita for å utvikle ein god matberedskap.

Han legg til:

– Det som er viktig for folk i Noreg er føreseieleg tilgang på trygg og sunn mat i fredstid, ved katastrofar og krigstid. I dette inngår all mat, både mat frå land og hav og import.