Hopp til innhold

Regjeringa vil finne årsaka til låge fødselstal

Regjeringa set ned eit utval for å finne årsaka til dei låge fødselstala. Andre vil ha strakstiltak, ikkje fleire utgreiingar.

LV1rK9yXs_I

MEIR AV DETTE: I mars blei det norske fruktbarheitstala målt til 1,4 barn per kvinne. KrF-leiar Olaug Bollestad meiner situasjonen påkallar strakstiltak – ikkje tenkepausar.

Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB

Barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) varslar at ho set ned eit utval «for å finne årsaka til dei låge fødselstala».

I bestillinga ber Toppe utvalet om å gå djupt til verks og sjå på ei brei vifte av moglege tiltak – ikkje avgrensa til det som sorterer under «familiepolitikk».

Det kan òg vere andre samfunnsforhold som er viktige når avgjerda om å få barn blir tatt, seier ho.

I mars blei det norske fruktbarheitstala målt til rekordlåge 1,4 barn per kvinne.

KrF-leiar Olaug Bollestad meiner situasjonen påkallar strakstiltak – ikkje tenkepausar.

Eg kunne ønske regjeringa fokuserte meir på å løyse dagens utfordringar enn å greie ut og utsette, seier ho til NRK.

I første omgang anbefaler ho at regjeringa gjer noko med «den mest openberre svakheita» i norsk familiepolitikk: ordninga med foreldrepengar.

Det er heilt urimeleg at systemet vårt premierer det å få barn så seint som mogleg. Folk bør få barn når dei ønsker det, ikkje når det er økonomisk gunstig.

I dag får studentar og unge med kort arbeidserfaring eit eingongsbeløp på rundt 90.000 kroner når dei får barn, mens dei med lengre arbeidserfaring får opptil 700.000 kroner.

Foreldrepengeordninga diskriminerer unge kvinner

Anne Eskild, overlege ved Kvinneklinikken på Ahus, råder unge til å kasta seg ut i det og få barn «på slump» – utan å «overtenke». Og før det er for seint.

Til liks med Bollestad meiner ho at foreldrepengeordninga har den paradoksale effekten at han freistar foreldre til å utsette «barneproduksjonen» lengst mogleg.

– Kvinner bør ha høve til å få barn i sine fruktbare år. I dag diskriminerer foreldrepengeordninga unge kvinner, og staten gir mest til dei som har mest frå før, seier Eskild.

abortgrense
Tom Balgaard / NRK

Anne Eskild, overlege ved Kvinneklinikken på Ahus

– Alle kvinner bør ha lik rett og høve til å få barn i sine fruktbare år. I dag diskriminerer foreldrepengeordninga unge kvinner, og staten gir mest til dei som har mest frå før. Viss det er eit politisk ønske om at fleire skal kunne få eit tredje (eller fjerde barn), kan skattelette og auka kontantoverføringar til slike familiar vere eit tiltak.

Tuva Moflag fotografert mellom bakhodene til to andre. Ho står med begge hendene opp mot overkroppen og er midt i ein setning når bildet takast. Ho har langt bølgete hår og har på seg et rødlig skjerf.
Fredrik Hansen

Tuva Moflag, Arbeidarpartiet

– Vi har ingen strakstiltak for å snu trenden, først og fremst treng vi meir kunnskap om kva som skal til for at norske kvinner og familiar faktisk får alle dei barna dei ønsker seg. Vi trur ein del av dette kan komme av økonomi og bustad. Ønska til familiane om kva som skal vere på plass ved familietilvekst, med tanke på bustadstørrelse og talet på soverom, har nok endra seg dei seinare åra.

Joakim Magnus leder for Skaperkraft
Skaperkraft

Joakim Magnus, leiar for Skaperkraft

– Filosofen Jonathan Sacks hevdar dei låge fødselstala kjem av sekulariseringa. Når ein kultur mistar «trua», klarer den ikkje å reprodusere seg sjølv. Kvifor? Fordi barn inneber mange og store offer. Religiøse samfunn forstår nødvendigheita av forsaking. Men ikkje ein sekulær og individualistisk konsumeringskultur. Om Sachs har rett, skal det meir enn politiske løyvingar til for å snu utviklinga.

Hilde Nagell rådgivar i tankesmia Agenda
Agenda

Hilde Nagell, rådgivar i tankesmia Agenda

– Fallande fødselstal er ein av vår tids store utfordringar. Å få barn er ikkje som å velje om ein vil bygge på huset eller kjøpe ny bil. Det handlar om optimisme og framtidstru, kjensler og overskot. For dei eller fleste blir det bestemt av heilt andre ting enn privatøkonomi. For mange er det ikkje eingong eit val. Derfor fungerer politikk som inneber meir pengar til barnefamiliar dårleg.

Mats Kirkebirkeland
CFWESENBERG

Mats A. Kirkebirkeland, rådgivar i Civita

– Årsaka til «fødselsparadokset» er usikkert, men det vi ser er at menn ønsker færre barn enn kvinner. Altså kan det tenkast at menn «held» noko igjen. Det er verd å prøve tiltak retta mot enkeltgrupper, som økonomiske støtteordningar for studentar som får barn, og offentleg støtte til oppgradering av bil. Slike tiltak kan innførast i avgrensa form før tiltaket blir innført i større omfang.

Kjersti Toppe
Amanda Iversen Orlich

Kjersti Toppe (Sp), barne- og familieminister

– Utviklinga i fødselstala bekymrar meg, og eg synest det er uforståeleg at fødselstala fell meir og er lågare i Noreg enn i våre naboland. Det bør vere ein viss balanse mellom generasjonar i eit samfunn, og med denne utviklinga blir vi veldig mange eldre og få barn. Å få barn er eit personleg val, men myndigheitene kan legge til rette for at folk får dei barna dei ønskjer seg.

Olaug Vervik Bollestad (KrF) etter TV 2 sin partilederdebatt frå MCB i Bergen
Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Olaug Bollestad, KrF

– Når det er så stor forskjell mellom talet på barn familiar ønsker seg, meiner eg vi har svikta familiane. Vi vil gi småbarnsforeldre rett til å jobbe redusert med lønnskompensasjon. Vi treng eit meir familievennleg samfunn som lèt folk få alle barna dei ønsker, når dei ønsker. Derfor vil KrF innføre foreldrepengar for alle slik at det blir lettare å få barn når ein for eksempel studerer.

Silja Ekeland Bjørkly
Høyre

Silja Ekeland Bjørkly, fylkesleiar i Vestland Høgre

– Dagens fødselstal er eit stort problem. Vi må gjere det enklare for unge vaksne å få barn tidlegare, og at fleire får barn nummer to og tre. I tillegg til tiltak som auka barnetrygd, skatteletttar, fleire og billegare bustadar, må vi ha ei kulturendring som gjer det meir akseptert å få barn tidlegare. Dette er ikkje noko vi politikarar kan vedta, men noko vi som samfunn må jobbe med over tid.

Lan Marie Nguyen Berg fotografert ved det nedlagde oljeraffineriet Slagentangen i Tønsberg.
John Andre Samuelsen

Lan Marie Berg, MDG

– Det er på høg tid å ta tak i dette. Samfunnet har blitt rikare dei siste 40 åra, utan at vi har fått meir fritid. Tidspresset går særleg utover kvinner. Studiar viser at krysspresset mellom jobb og familieliv fører til stress, utbrentheit og depresjon hos kvinner. Arbeidstidsreformer med meir fleksibilitet trur eg er viktig for å gjere det mogleg for familiar å få så mange barn som dei ønsker.

Leder av Jordmorforbundet Hanne Charlotte Schjelderup
SUNNIVA TONSBERG GASKI

Hanne Charlotte Schjelderup, leiar Jordmorforbundet NSF

– Vi skal ikkje langt tilbake før vi hadde mykje høgare fødetal, og vi la betre til rette for mange barnefødslar i Noreg. Det viser at det er mogleg å snu utviklinga. Da må vi sørge for at vi har nok jordmødrer i arbeid, og at Noreg er eit av dei tryggaste landa i verda å føde i. Fødslar er den viktigaste verdiskapinga vi har, og vi har ikkje råd til å trakke feil her.

Lena Henriksen Den norske jordmorforeining
Den norske jordmorforeining

Lena Henriksen, Den norske jordmorforeining

– Gode og likeverdige tenester innan fødselsomsorga er viktige, og ei auka satsing på desse tenestene kan føre til at familiar får fleire barn. I den nye helseplanen blir det skissert opp gode planar, men det står att å sjå om desse blir sette i verk. Heile Noreg skal ha ein god og trygg svangerskap-, fødsel- og barseltid, og vi saknar ei skikkeleg satsing på dette.

Knut S. Vareide seniorforskar Telemarksforsking
Telemarksforsking.no / Telemarksforsking

Knut S. Vareide, seniorforskar Telemarksforsking

– Nedgang frå 1,98 til 1,40 på 14 år er dramatisk og rokkar ved føresetnadene i dei nasjonale framskrivingane. Det som verkar sikkert er at den naturlege befolkningsveksten i Noreg vil bli negativ om ikkje mange år. Den store jokeren er kva nettoinnvandringa vil bli. Det kan godt tenkast at innvandringa blir stor nok til at folketalet i landet aukar, sjølv om det blir negativ fødselsbalanse.

Vegard Fykse Skirbekk
Privat

Vegard Skirbekk, demograf ved FHI

– Lågare fødselstal representerer ei rekke utfordringar, og vil krevje omstillingar av institusjonane våre, blant dei arbeidsmarknads- og pensjonsreformer. Men det finst ingen alternativ til befolkningsaldringen, og det politiske svaret på utviklinga er i første omgang å tilpasse seg.

Einar Gulbrand Øverbye Institutt for sosialfag Oslo Met
OsloMet

Einar Gulbrand Øverbye, Institutt for sosialfag, Oslo Met

– Demografiutvalet har heilt rett. Og ettersom det er kommunane som finansierer det aller meste av tenestene i velferdsstaten (som eldre er storkonsumentar av), blir det ein skvis av dimensjonar, særleg i fråflyttingskommunar.

Det nye utvalet kjem i forlenginga av Ellingsæterutvalget, som i 2017 konkluderte med at Noreg har den mest sjenerøse familiepolitikken i verda, og at berre «mindre grep» står att.

Landsmøtet til MDG tok i mai eit oppgjer med denne tenkemåten.

I staden foreslo dei «ein heilt ny visjon» for arbeidslivet og forholdet mellom «jobb» og «fritid», symbolisert ved ein ny «hentefri»-ordning for småbarnsforeldre.

– Målet er å gjere det lettare å få kvardagen til å gå opp, forklarte leiar i programkomiteen i MDG, Hildegunn Seip, på Politisk kvarter.

Velkommen etter, kvitterte KrF.

Ein trussel mot arbeidslinja, kvitterte «styringspartia».

Kjersti Toppe

– Undersøkingar tyder på at nordmenn får færre barn enn det dei ynskjer seg. Regjeringa vil for første gong i historia setje ned eit fødselstalutval for å undersøkje kvifor, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).

Foto: William Jobling / NRK

Ein av dei viktigaste grunnane er tidsklemma

Ulike hypotesar er lansert for å forklare dei låge fødselstala:

  • Det dreier seg om ein øydelagd bustadmarknad, som forviser unge i etableringsfasen til små leilegheiter utan boltreplass.
  • Det dreier seg om eit øydelagt og tinderifisert kjønnsmarknad, der algoritmane stimulerer til det motsette av truskap og reirbygging.
  • Det dreier seg om utdanningsrevolusjonen, som forlenger ungdomstida langt inn i 30-åra.
  • Det dreier seg om dei økonomiske insentiva i velferdsordningane, som premierer dei som gjer karriere før dei blir foreldre. Resultatet er førstegongsmødrer som pushar 40.
  • Det dreier seg om at det å stifte familie har blitt eit «livsstilsval» i staden for skjebne og sjølvfølge – noko unge par berre gjorde utan å tenke over det.

Denne våren dukka enda ei forklaring opp: Det dreier seg om at unge par blir skremte av alle klagesongane om kor slitsamt det er å ha barn.

Til dømes: Er det ekte ferie om du er nøydd til å drasse med deg borna på tur, med alle forsakingar det inneber?

Les også Stortinget diskuterer kortare arbeidstid for småbarnsforeldre

IMG_6945

Ein av dei viktigaste grunnane til at mange, særleg kvinner, vel å ikkje få fleire barn er tidsklemma, seier Lan Marie Berg (MDG) til NRK.

Tidlegare i mai varsla ho sin exit frå politikken. I Dagens Næringsliv presiserte ho at det ikkje handla om småbarnsliv og tidsklemme.

Avisa gjorde likevel eit poeng av at ho i selskap med Tina Bru, Kari Kaski og Hadia Tajik inngår i ei rekke av «profilerte småbarnsmødrer i 30-åra» som av ulike grunnar ikkje tar attval til Stortinget.

MDG-nestleiaren viser til at 8 av 10 unge seier dei har vore eller er nær ved å bli utbrente, og at folk jobbar meir enn for nokre tiår sidan.

Om regjeringa vil at fleire skal få barn, må dei også sjå på tiltak som forsøk for kortare arbeidstid.

Oversiktsbilde over bygda Loen og fjorden i Stryn
Erik Johansen

Loen i Stryn

I Sogn og Fjordane blir det født 30 prosent færre barn enn midt på 1990-talet. Aldri har norske kvinner fått færre barn. Økonomane åtvarar, demografane forstår det ikkje. Og politikarane er rådville.

Kjersti Toppe
Amanda Iversen Orlich / n653058

Kjersti Toppe, barne- og familieminister

Kjersti Toppe har bore seks (!) ungar til verda. Ho meiner lysta på ungar er eit mål på kor sunt eit samfunn er.

Erna Solberg nyttårstale 2014
Cornelius Poppe / NTB scanpix

Erna Solberg

– Lag fleire barn, sa statsminister Erna Solberg i sin nyttårstale i 2018. Ho la til: – Eg trur ikkje eg trenger å forklare korleis dette gjerast.


Italy Etna Eruption
Salvatore Allegra / AP

Italia

Den italienske befolkninga ligg an til å bli halvert innan hundre år. I dag er snittalderen 46,6 år.

I Polen viser prognosane at befolkninga kan falle frå 38 millionar til 15 millionar menneske innan 2100.

DzibgzGq6eI
JUNG YEONJE / AFP

Sør-Korea

Den aller lågaste fertiliteten finn vi i Sør-Korea, med 0,72 fødslar per kvinne.

Putin taler
SERGEI KARPUKHIN / AFP

Russland

I 2022 innførte Putin ein ny ordning som gir ein million rubler til «heltemødrer» som får 10 barn.

Viktor Orban
Denes Erdos / AP

Ungarn

Ungarn har den mest offensive fødselspolitikken i Europa, og bruker 5 prosent av statsbudsjettet på å stimulere til at fleire barn blir født.