Hopp til innhold

Tømde eitt års rasbudsjett på tre månader

Vestland fylke brukte berre tre månader på å tømme raspotten for 2024. Situasjonen uroar både dei som bur i skredutsette område og politikarane.

Ras i Esefjorden

TOM: Fylket si pengekasse for skredrydding er tom. Her frå raset på fv. 55 ved Esefjorden i februar.

Foto: Vestland fylkeskommune

Det viser behovet for rassikring, og at det er dyrt å ikkje gjere tiltak og, seier Karita Erstad.

Ho bur i Dragsvik, ein sidearm til Sognefjorden i Vestland fylke – rasfylke nummer ein.

Denne vinteren har det gått seks ras på vegen i Esebotn som ligg mellom heimen og skulen barna går på.

Det har vore tøft, seier tobarnsmora.

Karita Erstad

Denne vinteren har det gått seks ras på vegen i Esebotn som ligg mellom til Karita Erstad og skulen barna går på (Arkivfoto).

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Dei mange rasa har ikkje berre kosta dårleg nattesøvn. Det har også vore dyrt for fylkeskommunen som har ansvar for å halde vegen open.

Så langt i år har skred og uventa hendingar allereie kosta 28 millionar for Vestland fylke.

Det betyr at alle pengane for heile 2024 er brukt opp på dei tre første månadane.

– Til no har vi fått utgiftene som vi normalt sett har i løpet av eit heilt år, seier seksjonsleiar for vedlikehald, drift og beredskap i Vestland, Eivind Yttri.

Ei utfordring

Årleg set Vestland fylkeskommune av mellom 20 og 30 millionar kroner til rydding og beredskap for skred på fylkesvegane.

Det er fleire årsaker til at denne potten allereie er tom, forklarar Yttri.

Mellom anna vart oppryddinga av skreda som kom i desember og fram mot nyttår dekka av midlane øyremerkt til 2024.

Yttri seier auka utgifter til skredopprydding er ei utfordring.

Fylkeskommunen nemleg ta kostnadane for vegrydding, og når sparebøssa er tom må pengane komme frå andre kantar.

Eivind Yttri

KREVJANDE: Fylket er i ein utfordrande situasjon, meiner Eivind Yttri.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Alternativet er at vi må kutte på andre oppgåver som vi har planlagt å gjere i år, seier han.

Det er venta villare og våtare vêr i åra som kjem, noko som også kan føre med seg meir skred og stengde vegar.

Les også Sørpeskred kan bli mer vanlig i framtiden: – Skjer når folk ikke vet at de er i fare

Tosentunnelen ble stengt etter at det gikk et sørpeskred onsdag.

Brukt opp

Det er ikkje berre i Vestland at pengane til skredrydding er oppetne.

I Rogaland har geologar i fylkeskommunen kalla årets vinter for ein av dei travlaste dei har vore med på.

Dei 8–10 millionane som var sett av til akutt opprydding etter skred og flaum for i år, er allereie brukt opp.

– Det totale skredsikringsbehovet er på fleire milliardar kroner og stig betydeleg over budsjettmidlane, seier Eivind Stangeland, seksjonssjef for drift og vedlikehald i Rogaland fylkeskommune.

Den ville vinteren har også kosta i Møre og Romsdal, men her har dei ikkje noko tak på kor mykje dei brukar på opprydding av skred.

Det kostar ein del å rydde etter både ras og flaum, seier Torgeir Bye, seksjonsleiar for drift og vedlikehald i Møre og Romsdal.

Han fortel at fylket mellom anna har hatt ein del store lausmasseskred som kostar å rydde.

Steinskred i Dalsfjorden

Desse steinane rasa ned på fylkesveg 5890 i Dalsfjorden i Volda på Sunnmøre tidlegare i år.

Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune

Lenger nede i saka kan du sjå kva nokre av dei andre fylka har i skredryddingspotten, og kva dei har brukt hittil.

Må ta kostnaden

Leiar Arve Helle (Ap) for utval for samferdsel og mobilitet i Vestland fylkeskommune meiner situasjonen er urovekkjande.

Det har vore ein ekstrem vinter. Dessverre berre forsmaken på kva som gjerne blir den nye normalen framover, seier han.

Arve Helle

MEIR PENGAR: Arve Helle i samferdsleutvalet krev meir pengar frå staten til fylkesvegane.

Foto: Brit Jorunn Svanes

Helle er klar på at sjølv om skredpotten er bukt opp, er det ingen fare for at skred ikkje blir rydda.

– Dette er ikkje ei oppgåve vi kan velje om vi vil gjere eller ikkje. Vi kan ikkje la det gå eit ras på ein veg og la det bli liggande.

Og pengane – dei må kome ovanifrå.

– Vi må skaffe vegpengar. Vi må løyve opp. Og vi har klare forventningar til at staten bidreg på dette området. Det er vi helt avhengige av.

Les også NVE: – Store skred som når vei er ikke utenkelig

Steiner løsnet og havnet på fylkesvei 6186 mot Todalen

Prioriterer rassikring

Samferdsledepartementet svarar at regjeringa prioriterer ras- og skredsikring av fylkesvegane. Statssekretær Tom Kalsås viser til at Vestland får 7,6 milliardar til dette formålet i NTP, fordelt over dei neste seks åra, i tillegg til det ordinære rammetilskotet.

Les også NTP-lekkasje: Lovar milliardbeløp til fylkesvegane

Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård og Kommunal- og distriktsminister Erling Sande på vegtrafikksent

– Det inneber ei auke på over 1 400 millionar kroner i første seksårsperiode samanlikna med flat vidareføring av 2024-budsjettet, skriv departementet i ein e-post.

Statssekretær Tom Kalsås

Kalsås i Samferdselsdepartementet meiner regjeringa viser at ho prioriterer å satse på rassikring i og med at det har blitt løyvd midlar til dette i Nasjonal transportplan.

Foto: Morten Brakestad

Bidreg ikkje staten med meir midlar, meiner Helle at ryddearbeidet kan gå utover andre fylkeskommunale oppgåver.

– I verste fall kan det sjølvsagt det. Det er ikkje ei oppgåve vi vel om vi vil gjere eller ikkje. Vi kan ikkje la det gå eit ras på ein veg og så blir det liggande. Det er ikkje noko tema, seier han.

Kommunal- og distriktsdepartementet skriv i ein e-post til NRK at fylkeskommunar som har utgifter som overstig ein viss sum, kan søke departementet om kompensasjon.

– Utgifter som i sum overstig 150 kroner per innbyggar eller 75 millionar kroner, kan søkje om å få kompensert delar av dei påkomne utgiftene. Departementet vurderer behovet for skjønstilskot i kvart enkelt tilfelle, svarar statssekretær Ole Gustav Narud.