Hopp til innhold

Landets mest stengte riksveg er framleis ute av NTP: – Dei drit i oss

Nok ein gong er riksveg 13 Vikafjellstunnelen ute av Nasjonal transportplan. – Vi er førte bak lyset, seier ordførar.

Vêrutsett Vikafjell

MEST STENGT: Riksveg 13 over Vikafjellet er den mest stengde av alle riksvegar. Men lokalbefolkninga kan sjå langt etter den etterlengta tunnelløysinga her.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Dette er heilt elendig, seier Vik-ordførar Roy Egil Stadheim.

Fredag blei det kjent at riksveg 13 Vikafjellstunnelen heller ikkje i den neste tolvårsperioden blir prioritert i Nasjonal transportplan (NTP).

Planen fortel kva samferdsleprosjekt regjeringa vil bruke pengar på dei tolv neste åra.

– Det er ufatteleg skuffande og veldig overraskande, seier ordføraren.

Noregs mest stengde riksveg

Han hadde håp om at prosjektet i alle fall låg inne med planleggingsmidlar, slik at spaden kjapt kunne verte sett i jorda når pengane ein gong kjem.

Vik-ordførar Roy Egil Stadheim.

Vik-ordførar Roy Egil Stadheim er svært skuffa over at det ikkje kjem pengar til Vikafjellstunnelen.

Foto: oda flaten lødemel / nrk

Men det kom ikkje éi krone.

Det einaste som kom fram i fredagens NTP, er at det er vegselskapet Nye Veier som får ansvaret for Vikafjellet. Men det er ikkje sett av midlar i planperioden til prosjektet.

Les også Heiste flagga til topps i 2013 – men no er tunnelen heilt i det blå

Flagging i Vik

Vikafjellstunnelen låg inne i NTP i 2013, men blei seinare teken ut att, til stor skuffelse for mange.

I over 50 år har nemleg lokalbefolkninga og politikarar i Vik kjempa for tunnel, slik at dei slepp å måtte køyre over fjellovergangen på riksveg 13.

Den har fått stempel på seg for å vere Noregs mest stengte riksveg, med sitt lunefulle vêr.

Dersom fjellovergangen derimot er open, fører smal, svingete og humpete veg til store problem.

Katrine Evensen Hove , ambulansearbeidar

Når Vikafjellet er stengt må ambulansefagarbeidar Katrine Evensen Hove i staden for reise over fjorden med ferje. Er det dårleg flyvêr, er det helle ikkje hjelp i med ambulansehelikopter.

Foto: oda flaten lødemel / nrk

Særleg pasientane som blir frakta i ambulanse over fjellet, får kjenne det på kroppen.

– Eg som er frisk klarar ein tur over Vikafjellet, men det er verre for pasientane våre som ligg baki på båre og blir utsett for ein krunglete og humpete veg med dårleg standard, seier Hove.

– Det ristar og det humpar. Vi har medkjensle med pasientane våre, og beklagar til dei, seier kollega Marit Mørck.

Ho seier dei må feste alt av utstyr svært godt og køyre mykje seinare enn fartsgrensa seier.

fort er det nemleg ikkje forsvarleg å køyre, for då får pasienten meir smerter.

Mørck synest det er trist at Vikafjellsvegen ikkje blir prioritet i NTP. Ho håper at vegen i alle fall blir rusta opp. For når Lærdalstunnelen blir stengt i 2025, blir det mykje meir trafikk på riksveg 13.

– Då blir det større fare for at det skjer ulykker på disse vegane, som er så smale og dårlege, seier ho.

Marit Mørck

Sjukepleiar og ambulansefagarbeidar Marit Mørck er van med å halde godt fast i pasientane ho og kollegaene fraktar over Vikafjellet.

Foto: Oda Flaten Lødemel

– Mildt sagt forbanna

– Vi har blitt lovd tunnel gong etter gong, men vi kjem ikkje lenger. Eg blir mildt sagt forbanna, seier Harald Even Fosse frå Vik.

Han er bedriftseigar i Fosse Maskin og Transport i Vik og har fleire tilsette som pendlar Vikafjellet.

Harald Even Fosse, dagleg leiar i i Fosse Maskin og Transport i Vik.

Sidan den over 60 år gamle Harald Even Fosse var liten, har Vikafjellstunnelen vore tema. – Men slik det ser ut no, så tviler på at eg får oppleve den.

Foto: Ingeborg Grindheim Slinde / nrk

Når vegen er stengd, må dei køyre ein to-tre timar lenger omveg, som også består av fleire ferjer.

Men også som pasient har bedriftseigaren fått kjenne vegen på kroppen.

For nokre år sidan var han på veg heim til sognebygda i ambulanse etter ein operasjon i Bergen.

Vikafjellet var ope og ambulansesjåføren køyrde i god tru oppover.

Kolonnekøyring

Titt og ofte er det kolonnekøyring eller stengt over Vikafjellet.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Men undervegs blei fjellet stengt, utan at nokon i køyretøyet fekk vite om det.

Det enda med at sjåføren for seint fekk med seg den stengde bommen og køyrde rett igjennom den.

Ambulansen fekk ein del materielle skader, men brøytemannskap fekk opna fjellovergangen og Fosse kom seg trygt heim att med ny ambulanse.

– Det er heilt uføreseieleg når det er på denne måten. Plutseleg er det stengt. Det er skremmande at det skal vere slik, seier Fosse.

No håper han politikarane likevel kan finne pengar til tunnelen.

– Det er viktig for vår eksistens og alle som held til i Vik at tunnelen kjem, seier Fosse.

Meiner dei er blitt lurte – men gir ikkje opp

Då samferdselsminister Jon-Ivar Nygård la fram NTP fredag, var han klar på at dei har måtta skyve på prosjekt for å få aktivitet i heile landet.

– Kampen om pengane har blitt tøffare, og vi må prioritere forsvar og helse høgt. Derfor har vi ei nøktern tilnærming, sa han.

Ap-ordføraren i Vik, Roy Egil Stadheim, håper det kan vere ein veg inn for prosjektet gjennom forhandlingar regjeringa skal ha med andre parti.

Les også Juni 2013: «Vikafjellstunnelen skal fram til 2015» Desember 2013: «Vi har utfordringar»

Bård Hoksrud

Han er skuffa over eige parti.

– Dette er slett arbeid av dei. Dei har gløymt oss og dei har drite i oss.

Stadheim viser til at Vikafjellet har lege framfor ei rekkje andre prosjekt, men likevel hamna bak når alt kjem til alt.

– Vi er førte bak lyset her. Men vi kjem ikkje til å gi opp. Dei har høyrt frå meg til gangs, og dei kjem til å høyre det frå meg igjen òg, seier han.

Les også Her har vegen vore stengd i over 1000 timar - det gjer den til den verste fjellvegen i vest

Brøytemannskap jobbar med å brøyte på Vikafjellet. Foto: Silje Guddal/Redigering: Ole André Rekkedal