Hopp til innhold

Vil bygga bybane som ikkje heng saman med resten

Kva gjer ein viss bybaneplanlegginga i Bergen nok ein gong har «køyrd seg fast» på Bryggen? Start bygginga i motsett ende, inntil bypolitikarane har bestemt seg, føreslår fylkesordføraren.

Tertneskrysset etter byggingen av Bybanen til Åsane.

NOKKE FOR SEG SJØLV? Krangelen om Bybane langs Bryggen i Bergen, kan føra til at Åsane bydel (illustrasjonen) kan få ein bybane som ikkje går heilt inn til sentrum eller er kopla saman med andre bybanelinjer.

Foto: Bergen kommune

Det er vel berre i Bergen at ein diskusjon om bybanetrasé kan bli ei årelang nasjonal stridssak – nokon vil seia ein internasjonal skandale.

Skal Bybanen byggast framfor dei ikoniske mellomalderbygga på Bryggen, som står på Unesco si verdsarvliste? Eller i tunnel i fjellet bak?

Dette spørsmålet har vore favorittkrangelen til bergensarane i over ti år. Argumenta er mange og kjenslene sterke.

Bybanen på Paradis-stoppet i Bergen

Bybanen passerer Paradis heile tida, men når det gjeld neste utbyggingstrinn er debatten, finansieringa eller framdrifta ikkje akkurat paradisisk.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

«Kva viss vi tenker motsett?»

Saka har også paralysert, dominert og engasjert det politiske Bergen. Bybanelinje 3 nordover til Åsane bydel har rett og slett blitt ein gordisk knute.

I BT sist veke tok fylkesordførar Jon Askeland frå Senterpartiet til orde for eit forslag som kanskje kan kutta over knuten:

Å byrja bybanebygginga i motsett ende, altså banehalvdelen lengst vekke frå trøbbelet i Bergen sentrum.

– Vi har tenkt så det har knaka, for å prøva å løysa utfordringa Bergen, fylket og staten kollektivt står oppe i. Det trengst ei løysing som sikrar snarast mogleg kollektivutvikling innanfor kostnadsramma som staten set, seier han.

Fylkesordfører i Vestland, Jon Askeland (Sp).

Fylkesordførar Jon Askeland (Sp) meiner dei politiske og økonomiske utfordringane kan løysast ved å starta bybaneutbygginga i Åsane i staden for i Bergen sentrum

Foto: Oskar Rennedal / NRK

Forslaget om å «snu saka på hovudet» inneber å bygga ein bane som er ubrukeleg i mange år. Bybanevognene kan ikkje køyra der før banen blir kopla saman med sentrum og dei to eksisterande linjene til Flesland i sør og Fyllingsdalen i vest.

– Vi kan byrja med bybaneutbygging frå nord. Grunnarbeidet er jo svært og krevjande. Då sparer vi tid. Og så kan vi gå laus på sentrumstraséen når bystyret landar ei løysing.

– Meiner du når eller viss?

– Bergen klarer å landa dette her, men det er ein kamp mot klokka. Klarer vi ikkje det, så risikerer vi at vi får eit trafikalt infarkt i Bergen.

– Er det merkeleg å byrja i ytterenden og risikera å få ein bane som ikkje heng saman med resten?

– Den kjem til å henga saman. Det er breitt fleirtal i bystyret for bybane til Åsane, seier Askeland.

Bybanen til Åsane, illustrasjonar mars 2023

Meiningane er delte: vil det vera ei velsigning eller ei katastrofe å bytta dagens biltrafikk ut med Bybanen langs Bryggen?

Foto: Bergen kommune

Omkampen

Men det er det ikkje alle som er trygge på.

Det politiske arbeidet med å bygga Bybanen i Bergen har aldri gått heilt på skjener. Det har vore mange kjeppar i hjula undervegs.

Både Høgre og Arbeidarpartiet – og fleire andre parti – har opp gjennom åra skifta standpunkt om Bybanen langs Bryggen. Og spørsmålet har velta makta for begge partia.

Men våren 2023 vedtok bystyret i Bergen omsider reguleringsplanen for linje 3: Bybanen til Åsane skulle gå via framsida av Bryggen.

Så kom lokalvalet på hausten. Høgre hadde i valkampen lova å ikkje ta omkamp på trasévalet, men gjorde det likevel.

For å få fleirtal og ta byrådsmakta frå Arbeidarpartiet, godtok byrådsleiar Christine Meyer i Høgre kravet frå mellom andre protestpartiet Bergenslisten om å laga ei ny utgreiing av tunnelalternativet.

Christine Meyer bybanen

Christine Meyer i Høgre garanterte veljarane eit ja til Bybanen langs Bryggen, men braut lovnaden like etter valet i haust.

Foto: NRK

Innspel

Det nye byrådet jobbar altså med ein plan B i tillegg til den plan A som det gamle bystyret vedtok i fjor.

Tysdag ettermiddag inviterte byutviklingsbyråd Christine Kahrs frå Høgre «alle i Bergen» til innspelsmøte om kva tunnelutgreiinga bør innehalda.

– Eg skal ta imot innspel frå befolkninga, frå interessentar, frå alle som føler at dei ikkje har blitt høyrde hittil i bybanesaka.

Til NRK svarar ho likevel at det er viktigare for byrådet å få bygd Bybanen til Åsane enn å unngå at banen blir bygd framfor Bryggen.

– Dette er jo eigentleg eit minefelt, sjølv om det ikkje burde vere det. Bybanen fungerer. Det ser vi jo i dei andre bydelane. Eg tar sjølv Bybanen mykje. Det fungerer fantastisk, seier Kahrs.

Les også Regjeringa lovar ikkje pengar til Bybanen: – Det må nesten Bergen ta eit ansvar for sjølv

Bybanen over Bryggen, illustrasjon fra reguleringsplanen 2022

Av eller på sporet?

Men uvissa om kva Bergen «eigentleg vil», har medverka til at regjeringa ikkje har fastsett beløp eller tidspunkt for statleg løyving til bybaneutbygginga i Nasjonal transportplan for dei neste tolv åra (2025-2036).

Vidare fremdrift og statleg bidrag til Bybanen til Åsane må vurderast etter at byrådet og bystyret i Bergen har behanda saka ferdig, skriv Samferdselsdepartementet til NRK (sjå faktaboks).

Dermed har Bybanen nok ein gong køyrd seg fast, eller spora av, eller tvert om kome på rett spor, alt etter kven du spør.

– Har byrådet øydelagt for bybaneframdrifta ved å ta omkampen med ny tunnelutgreiing?

– Eg får inderleg ikkje håpa det. Åsane treng ein bybane. Denne bydelen har stagnert dei siste åra. Ein treng å få færre bilar på vegane og fleire til å ta bybanen. Det er det store målet mitt at vi klarer å få det til, seier Kahrs.

Byutviklingsbyråd Christine Kahrs, ved Bryggen i Bergen

Byutviklingsbyråd Christine Kahrs skal laga ei ny utgreiing av bybanetunnel bak Bryggen, men seier det viktigaste er å få bygd banen, uansett om det blir her framfor Bryggen.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Byråden: – Komplisert!

Ho lova å vera «veldig lydhøyr» til innspela.

– Det er mange som ikkje kjenner at dei har blitt høyrde før, og mange som meiner at arbeidet som er gjort før er veldig bra. Så nå skal eg lytta, med store øyrer og liten munn.

– I denne saka går splittinga mellom parti, gjennom parti, gjennom familiar, gjennom nabolag. Det er så komplisert! seier byutviklingsbyråden.

På talelista stod alt frå fylkesordføraren til fem privatpersonar som berre snakka for seg sjølve. Men dei fleste av dei 23 representerer ulike organisasjonar med sterke meiningar for eller mot å bygga bybanen til Åsane via framsida av Bryggen i Bergen.

– Bergen må snarast mogleg utvikla kollektivsystema mot nord. Det er det viktigaste Bergen står overfor. Vi har ikkje tid til å venta på det, seier Askeland.

– Meiner du dermed at byrådet må droppa ei tunnelutgreiing som forseinkar bybaneutbygginga?

– Nei, men eg seier at vi har faktisk dårleg tid.

SV fryktar ytterlegare utsetting

Fylkesordføraren vil verken uttala seg om bybanetrasé langs Bryggen eller om tunnelutgreiinga forkludrar framdrifta.

– Det meiner eg ingenting om.

– Kan det vere at forslaget ditt legitimerer ei tunnelutgreiing som fleire parti er imot?

– Det legg vi oss ikkje borti. Vi foreslår berre ei løysing som sikrar at kollektivutviklinga går snarast mogleg, seier Askeland.

Sosialistisk Venstreparti (SV) meiner forslaget om å byrja bygginga «i den andre enden» ikkje er ideell.

– Vi fryktar at byrådet vil utsetta bygginga ytterlegare viss den nye tunnelutgreiinga viser at tunnel blir like fordyrande som tidlegare utrekningar har vist, seier gruppeleiar Mikkel Grüner.

Han seier SV håpar at forhandling med regjeringa om prioriteringane i Nasjonal transportplan kan få pengar til Bybanen inn i planen.

Les også Livleg demonstrasjon for Bybanen: – Vi er fleirtalet. Bygg den banen!

Marianne Aanerud i "Bergens Mødre" under demonstrasjon for Bybanen langs Bryggen

Vil ikkje ha full debatt

Byutviklingsbyråd Christine Kahrs var spent framfor innspelsmøtet i ettermiddag.

– Eg har bede om innspel på kriterium for tunnelutgreiinga, og på kva folk har sakna i tidlegare utgreiingar. Det er det eg er på jakt etter. Ein full bybanedebatt er det ikkje rom for nå.

– Vil tunnelutgreiinga løyse floken med bybanen til Åsane?

– Det veit eg ikkje, men eg håpar det. I alle fall at vi kan få litt betre svar.

Les også Kranglar om løftebrot: Høgre og Ap skuldar kvarandre for å ha lurt bergensarane

Grafitti av Dr.AW, om politisk krangel om Bybanen i Bergen. Tittel: "Trassé"

Korrigering: I ein tidlegare versjon stod det at regjeringa ikkje føreslår statleg løyving til bybaneutbygginga i NTP-forslaget sitt. Dette vart 18. april kl 13.48 endra til at regjeringa ikkje har fastsett beløp eller tidspunkt for dette.