skillegodt for ganen toppromoskillespråkspalten toppromoskilleSport topp promoskille_slutt
valg_hordaland_3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Hordaland > Valg 2003 Hordaland
Valg 2003
Alt om valg 2003.
Alt om valget i ditt distrikt:
NRK HORDALAND I LYD OG BILDE
Siste nytt frå distriktskontora i NRK NRK Finnmark NRK Troms NRK Nordland NRK Trøndelag NRK Møre og Romsdal NRK Hedmark og Oppland NRK Sogn og Fjordane NRK Hordaland NRK Rogaland NRK Sørlandet NRK Østlandssendingen NRK Østfold NRK Buskerud, Telemark og Vestfold Siste nytt frå distriktskontora i NRK Siste nytt frå distriktskontora i NRK
TIPS OSS >
NRK Hordaland Postboks 7777,
5020 BERGEN
Tel: 55275200
Fax: 55275299 Distriktsredaktør:
Nettredaktør:
Nettansvarlige for kommunevalget:

 

Slår sprekker i glansbiletet

- Det offentlege tenestetilbodet har ikkje blitt bedre, seier Terje Søviknes sin argaste motstandar, Dag Westhrin i SV. Han viser til ein rapport frå Bedriftspedagogisk senter.

Publisert 06.06.2003 10:16.
Av Leif Rune Løland

- Eg kan ikkje sjå at tenestene har blitt bedre. Tvert om har dei blitt meir byråkratisk og sannsynligvis dyrare for kommunen, seier Dag Westhrin.

Frp og H har gjennomført ei nærmast total omlegging av administrasjonen og resten av kommunen, for å gi billigare og bedre tenester, raskare sakshandsaming, og mindre byråkrati. Bedriftspedagogisk senter i Bergen har evaluert omlegginga.

Einingane svekka

På den eine sida meiner dei at dette fungerer bra, på den andre sida at kvaliteten på tenestene og brukarservicen ikkje har endra seg. Og både kompetanseutviklinga og samarbeidet på tvers av einingane ser ut til å ha blitt svekka. Altså stikk i strid med målsetjinga, meiner Westhrin.

Mellom anna har drift og vedlikehald av alle kommunale bygningar blitt skilt ut i eit kommunalt eigd aksjeselskap, Kommunebygg AS. Til dømes må ein skule som treng ekstra vedlikehaldsarbeid, bestilla og betala dette på timebasis. Ei dårlegare og meir byråkratisk løysing, meiner Westhrin.

- Eg har høyrt einingsleiarar seia at dei tidlegare hadde ganske mange timar til vedlikehald, men at dei nå har 4-5 timar i månaden, og får veldig lite igjen for det, seier han.

Skryt av sydenturar

Men på eitt punkt gir han FrP og Høgre skryt: Sydenturar for pensjonistar. Turane blei ikkje gratis, slik det var lova, men feriereiser i kommunal regi har vist seg billigare enn private reisebyrå kan tilby.

- Eg kan skryte av at dei har fått vist at kommunal drift er langt billigare enn private reisebyrå. Det viser at vi i Os kommune er veldig effektive, seier Westrhin.

- Eldreomsorga er blitt bedre under Søviknes, men det er ikkje på grunn av han, men vedtak gjort før han blei ordførar i 1999. Til dømes blei Luranetunet vedtatt i perioden 1995-99.

Bestillingsverk om Luranetunet

Den viktigaste konkurranseutsetjinga som er gjort i Os dei siste åra, er at det private selskapet Norlandia driv halvparten av plassane på den nybygde aldersheimen Luranetunet. Hovudtillitsvald for kommuneforbundet i Os, Johnny Christensen, er nå som tidlegare kritisk til denne konkurranseutsetjinga.

-Ikkje noko har fungert endå. Men det er bra at det offentlege har lagt seg i selen. Dei privat tilsette har teieplikt om grums i firmaet. "Uhilda rapport" er reint bestillingsverk: folk tør ikkje seia kva dei meiner, seier Christensen.

Pynt i regnskapen

Os kommune har dei siste åra seld aksjar i Oskraft og BKK for 400 mill kr. Kritikarar har meint at FrP og H i fjor pynte på rekneskapen og gjorde eit underskot til overkskot ved å bruka pengar frå aksjesalet til drift av kommunen, noko som ikkje er lov.

Denne veka gav ordførar Søviknes to versjonar av dette. Først sa han: "Berre avkastninga er brukt i drifta." Men då fylkesmannen sa det motsette, sa Søviknes at han ville vurdera dette på nytt.

Westhrin i SV meiner som fylkesmannen at mange millionar kroner frå aksjefondet er brukt til drifta i Os kommune i fjor

- Det går fram av regnskapene.

Kamp om stillingar

Hovudtillitsvalgt Johnny Christensen kjempa ein lang kamp mot at H og FrP ville fjerna 70 stillingar i kommunen. Førebels er det fjerna 51 stillingar, men det kan Søvknes ikkje skryta på seg, meiner Christensen.

- 10-15 stillingar var vakante, 10-12 lærarstillingar forsvann på grunn av auka leseplikt, mange har sagt seg opp, ingen har blitt oppsagt, så talet 51 er feil.

Han meiner derfor at nedbemanninga ikkje er eit tekn på ordførarens handelkraft. Heller ikkje Westhrin i SV er glad for nedskjeringane, men i motsetnad til tillitsmannen meiner han dette var nødvendig.

Naudsynt nedbemanning

- I forhold til driftsmidlene i Os var det nødvendig for å få ballanse. Det har ført til redusert tenestenivå i skoler og eldreomsorg. Minst halvparten av nedbemanningene var i direkte tjenesteproduksjon, så nedbemanningen har helt sikkert hat negative konsekvenser for innbyggerne i Os. Det kan heller ikke Søviknes være uenig i, seier Westrhin.

Han meiner Os har blitt det utstillingsvinduet for FrP-politikk som Søviknes sette som mål. Han nevner privatisering av Luranetunet, utprega ja-holdning til byggeløyver og dispensasjonar i strandsona, og ein liberal skjenkepolitikk.

- Os har på desse åra blitt eit kaldare samfunn, eit ego-samfunn., vi har ikkje vi-følelsen lenger, seier Johnny Christensen.

Siste saker:
Bakgrunn: Midthordland (19.03.2003)
Siste saker:

Start fleskespillet Start valgtesten Ta valgskolen
Det store valgfleskspillet
 
LES OM VALGET I DIN KOMMUNE
Fedje Austrheim Masfjorden Modalen Lindås Radøy Øygaren Meland Askøy Osterøy Vaksdal Voss Ulvik Granvin Eidfjord Ullensvang Jondal Kvam Samnanger Fusa Os Bergen Fjell Sund Austevoll Tysnes Fitjar Stord Bømlo Kvinnherad Odda Etne Sveio

Hør valgsendingen på nytt

Lise May Spissøy og Egil Torheim serverte deg alle resultatene fra kommunevalget i Hordaland. Her kan du høre alt som ble sagt en gang til!

Nytt firma leverer valgdata

I år skal valgnattas valgresultater og prognoser leveres av firmaet ErgoEphorma. For første gang skal altså ikke IBM stå for leveringen, og det knyttes stor spenning til omleggingen.
  [Valg 2003]

Valgkamp à la Kalvø

Det mest populære innslaget i NRKs siste folkemøte var uten tvil valg-oppsummeringen til Are Kalvø og Espen Beranek Holm.

Bybaneduell

Henrik Færevåg og Gunnar Staalesen er to av byens ivrigste debattanter i valgkampen. Stridsspørsmålet er selvsagt bybanen. Hør debatten mellom dem her.

Se Folkemøtet fra Bergen her

Fikk du ikke med deg Folkemøtet fra Bergen om arbeidsledighet og skolepolitikk. Eller byduellen mellom Anne-Grete Strøm-Erichsen (A) og Hermann Friele (H). Se Folkemøtet her. Programleder er Knut Olsen.

Spill valgfleskspillet

Bli med kokken Tor ut på leting etter valgflesk. Ikke la deg snakke rundt av Carl I. & Co!

video Valgsendinger på TV [WM]

video  [WM] Hver onsdag de siste fire ukene har det vært valgsending fra Hordaland og Sogn og Fjordane på NRK1. Se den første sendingen her.
video Hele saken [WM]

Toppmøte i NRK Hordaland

For første gang møttes Herman Friele (H) og Anne-Grete Strøm-Erichsen (Ap) til debatt om Bergen, politikk og visjoner.

Ordførerne vil forsette

De klager, men gir seg ikke! Nesten alle ordførerne i Hordaland tar gjenvalg. Bare 3 av 33 ordførere trekker seg fra lokalpolitikken ved høstens valg.

Kvinner i kommunestyrene

Granvin er den kommunen i landet der kvinnene er best representert med 61,5 prosent, mens Sveio har den laveste kvinneandelen, åtte prosent.
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no