P1-regjeringa 3_1
Her er du: NRK.no > NRK P1 > P1-regjeringa Sist oppdatert 21:45
 

Merete Støfring


Publisert 11.05.2005 11:25. Oppdatert 11.05.2005 13:34.
Foto: Vegar Erstad, NRK

Namn:

Merete Støfring

Alder

39

Sivil status

Gift

Born

Øystein på snart 4 år ventar i spaning på bror eller søster.

Stilling

Organisasjonssjef i Sogn og Fjordane Bondelag og bonde på
Jølster.

Fritidsinteresser

Fjellturar og lokalt organisasjonsarbeid.

Mest stolt over i eiga liv

Ved sidan av familien må det vere det å få lov til å ha eit spanande og meiningsfullt arbeid i eit så flott fylke som Sogn og Fjordane.

Mest bekymra for Norge i framtida

At vi ikkje greier å verdsetje betydninga av å ha levedyktige bygder før det vert for seint. At vi ikkje innser at politisk styring er ein nødvendig del av det å ta vare på velferdssamfunnet og busetjinga i heile landet vårt. At marknadskreftene og kapital skal verte den einaste ledesnor i eit kaldt samfunn der vi ikkje bryr oss om kvarandre.

Favorittbok

Folket langs Storfjorden av Oddgeir Bruaset. Den fortel om eit liv og eit slit vi ikkje ynskjer oss attende til, men samstundes fortel den om verdiar vi har mista i vårt samfunn på jakt etter materielle gode og lettkjøpte løysingar. Ei bok til ettertanke.

Gjer meg mest glad

Det må vere å sitje på ein fjelltopp ein stad på Vestlandet saman med mannen min og sonen vår. Frå junior kjem det lukkeleg mellom to store bitar sjokolade: "No kosar vi oss fælt!"

Provoserer meg mest

Når multimillionærane Carsten O. Five og Trygve Hegnar gong på gong på TV snakkar om at maten er altfor dyr og gjer seg til talsmenn for dei fattige i Norge. Når eg samstundes veit kva verdigrunnlag dei byggjer på, då let eg meg skikkeleg provosere. Det er nesten så eg hoppar i stolen etter å kommentere deira utsegner.

Det viktigaste i mi tru

Det viktigaste for meg er å vere ærleg og å tru at det faktisk er slik at ærlegdom varer lengst.

Nordmenns tre beste sider

Jordnære, driftige med tru på seg sjølv, pågangsmot.

Norges tre største fordelar

Velferdsgode for innbyggjarane - Kultur omkransa av vakker natur - Det bur folk i heile landet som kan ta vare på ressursane og utvikle dei vidare.

Tre kjerneverdiar i forholdet mellom alle slags folk i framtida

Tid til samtaler, forståing og toleranse, verdsetjing.

Kva kjenneteiknar Norge i verda om 100 år

Om vi forstår å forvalte natur- og kulturlandskapet på ein bærekraftig måte, vil reiselivet i samspel med landbruket vere den viktigaste næringa i Noreg. Det betingar at vi greier å setje inn politiske verkemidlar som sikrar ei framtidig busetjing og verdiskaping i heile landet.

Forbilde

Det må bli besteforeldregenerasjonen. Dei levde eit liv der ærlegdom, arbeid og humor var dei viktige grunnpilarane. For meg stod dei for verdiar som vårt samfunn har mista på vegen. Vi skal ikkje romantisere slitet denne generasjonen måtte gjennom, men dei hadde eit arbeidsfellesskap, eit generasjonsfellesskap og eit samfunnsbyggjaransvar som vi ikkje opplever i dag. Kanskje vil pendelen dei neste åra snu, og meir av dei verdiane og livsstilen denne generasjonen stod for kome att i ein ny og moderne utgåve i dei komande 100 år?


 
30 SISTE P1-REGJERINGA
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no