P1-regjeringa 3_1
Her er du: NRK.no > NRK P1 > P1-regjeringa Sist oppdatert 21:45
 

Magnus Willumsen


Publisert 11.05.2005 13:17.
Foto: Firda Vidaregåande Skule

Namn:

Magnus Willumsen

Alder

45

Sivil status

Gift med Britt Glomnes Willumsen

Born

Håvard (16), Sindre (14), Roar (10)

Stilling

Lærar i idrettsfag og kroppsøving

Fritidsinteresser

Båt, idrett, musikk

Mest stolt over i eiga liv

Frua og barna. Nedlagt idrettsarbeid i spekteret frå toppidrett til førebyggande ungdomsarbeid. Krokpollen Kystleirskule (nybygd og sjølvgjort)

Mest bekymra for Norge i framtida

Likegyldighet og forfall. Moralsk forfall m.o.t. verdiar (ikkje bry seg, likegyldigheit overfor seg sjølv og andre, og i høve ansvar. (det meste). Folkehelsa (fysisk, psykisk og sosialt). Vi kan fort verte eit arbeidsuført og sjukmeldt folk.

Favorittbok

Ingen

Gjer meg mest glad

Gode kommentarar og god latter. Gode sosiale lag. Nå eigne målsettingar gjev stor grad av tilfredsheit (t.d. små gleder i å få ein defekt påhengsmotor til å virke, eller få eit prosjekt/tiltak vellukka i hamn). Dette gjev stor indre glede, og ofte også til glede for andre, noko som gjev ros (ytre motivasjon).
God behandling av medmenneske set eg pris på (omsorg). Glade og blide menneske er smittande. Slike bør ein skape, eller omgje seg med.

Provoserer meg mest

Mobbing. Når ting ikkje går slik eg forventar.

Det viktigaste i mi tru

Indre tryggleik, ein ”ventil” i vanskelege og vonde situasjonar. Dette er ei privatsak.

Nordmenns tre beste sider

Relativt høg moral, godt hjartelag, relativt arbeidssame ??

Norges tre største fordelar

Naturrikdomar, demokrati, variert klima

Tre kjerneverdiar i forholdet mellom alle slags folk i framtida

Toleranse/respekt, omsorg, ansvar (verdiar, miljø, kulturarv)

Kva kjenneteiknar Norge i verda om 100 år

Framleis eit reint land. Vonleg eit land resten av verda valfartar til, pga. naturopplevingar, vi er ein utkant av verda, og fordi vi er originalt land utan EU-medlemskap (dersom vi framleis er eit land, og ikkje berre ein del av eit storsamfunn).

Forbilde

-


 
30 SISTE P1-REGJERINGA
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no