P1-regjeringa 3_1
Her er du: NRK.no > NRK P1 > P1-regjeringa Sist oppdatert 21:45
 

Sturla Steinsvik: kandidat til P1-regjeringa


Av Odd Sørås. Publisert 30.05.2005 10:53.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:










Sturla Steinsvik er dagleg leiar i Hustadmarmor AS, Elnesvågen i Fræna - ei bedrift som har 160 tilsette og lagar kalkprodukt til den europeiske papirindustrien. Han er 63 år gammal, skild og har tre barn og eitt barnebarn. Yndlingsbok: "Markens grøde" av Knut Hamsun, ikkje overraskande av ein mann som har levd sitt liv tett innpå dei store bureisingsfelta i Fræna!

Klikk på lydlenkja ovanfor og høyr samtalen med Steinsvik i formiddagssendinga vår 30. mai.

Foto: May Britt Haukås, NRK



Friluftsliv

I fritida er det sommar som vinter friluftslivet som er viktig for Sturla Steinsvik. Det han kjenner seg stolt over, er familien sin. Det som provoserer han mest, er autoritære "betrevitarar" utan ansvar. Har han eit førebilete? Ja, Kåre Willoch.


Noreg og verda

Noregs tre største fordelar? Dei naturgitte føresetnadene våre, seier Steinsvik: kysten og havet, vasskrafta og ikkje minst folket! Han ser på oss nordmenn som nyskapande, skikkelege og med evne til å tenkje langsiktig. Men han er redd for at vi ikkje legg nok vekt på utdanning og utvikling av kompetansen vår. Og snart blir mangelen på energiressursar eit problem. Steinsvik meiner vi må sjå på vasskrafta vår på nytt. Å brenne opp gass for å skaffe straum er ei dårleg løysing, og vindmøller skjemmer naturen og er uhorveleg dyre i drift.


Kunnskapsglede og kjerneverdiar

Her på kysten har alle næringar eit enormt tilfang av kunnskap. No er det viktig å føre denne kunnskapen vidare til ungdommen - og det må gjerast på ein måte som gir dei unge glede og begeistring ved å lære! Elles viser undersøkingar at nordmenn set familielivet svært høgt, og dette er kjerneverdiar vi gjerne kan ta med oss ut i verdssamfunnet.


Om hundre år

Sturla Steinsvik ser for seg at vi då har utvikla ei arbeidsdeling på verdsbasis ut ifrå dei naturlege føresetnadene i kvart land. Eit norsk bidrag kan vere sunn mat frå fiske og oppdrett. Han trur på nasjonalstaten og identitetskjensla, men den må koplast med toleranse og respekt for andre.





Siste saker:

 
30 SISTE P1-REGJERINGA
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no