P1-regjeringa 3_1
Her er du: NRK.no > NRK P1 > P1-regjeringa Sist oppdatert 21:45
 

Marius Aardal


Publisert 30.05.2005 15:30.

Namn:

Marius Aardal

Alder

20

Sivil status

Singel

Born

Nei

Stilling

Har eit pusterom etter å ha gjennomført fyrstegangstenesta i haust og fram til eg skal byrja på skule igjen til hausten. Eg har vore så heldig at eg har fått drive med litt forskjellig i denne perioden, har vore landbruksavløysar, køyrt kino for Bygdekinoen og jobba 50 % i 4H.

Fritidsinteresser

Organisasjonsarbeid, spelar i korps og ein fjelltur i ny og ne.

Mest stolt over i eiga liv

Sidan eg ikkje har barn og kone så må det bli arbeidet i ulike frivillige organisasjonar.

Mest bekymra for Norge i framtida

Avfolking av bygdene. Eg trur at levande bygder og ei spreidd busetjing er viktig for ei positiv utvikling i landet vårt.

Favorittbok

Ringenes Herre av J.R.R. Tolkien.

Gjer meg mest glad

Må vere å lukkast med noko som ein har jobba hard for, og sjå andre gjere det same.

Provoserer meg mest

”Meir vil ha meir” haldninga til mange nordmenn. Vi bur i verdens beste land å bu i med kanskje verdens best utbygde velferdstilbod, og er aldri fornøgde og berre krev meir.

Det viktigaste i mi tru

Eg har ikkje noko spesielt bevist forhold til mi tru så dette vart vanskeleg.

Nordmenns tre beste sider

Ærlege, tolerante og standhaftige.

Norges tre største fordelar

Spreidd busetnad, gode velferdstilbod og store naturrikdommar.

Tre kjerneverdiar i forholdet mellom alle slags folk i framtida

Respekt, toleranse og solidaritet.

Kva kjenneteiknar Norge i verda om 100 år

Turisme er ei av dei viktigaste næringane og turistane kjem til Noreg fordi vi framleis har spreidd busetnad med levande bygder.

Forbilde

Alle som brukar fritida si på andre enten gjennom arbeid i frivillige organisasjonar eller på andre møtar.


 
30 SISTE P1-REGJERINGA
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no