P1-regjeringa 3_1
Her er du: NRK.no > NRK P1 > P1-regjeringa Sist oppdatert 21:45
 

Og vinnarane er.....

Kjærsti Gangsø representerer Oppland i P1-regjeringa.
Kjærsti Gangsø representerer Oppland i P1-regjeringa.
Det vart nesten daudt løp i Oppland, medan kandidaten frå Hedmark fekk over 50% av stemmene.

Publisert 10.06.2005 11:50. Oppdatert 13.06.2005 14:13.
Av Ingvild Bjørklund Wangen

I Hedmark var Hans Christian Medlien frå Ringsaker soleklar vinnar med heile 51,4% av stemmene. Det var 303 stemmer mellom Medlien på fyrsteplass og nummer to, Annemor Magnum frå Trysil.

I Oppland låg Kjærsti Gangsø frå Vågå lenge føre Christoffer Grønstad frå Biri med god margin. Men i sluttspurten tok Grønstad kraftig innpå, og det skilde til slutt 46 stemmer mellom dei to.

Gangsø fekk 38,5% av stemmene, mot 36,2 til Grønstad.

Hans Christian Medlien fekk Hedmark sin taburett i P1-regjeringa.

Skal tenkje høgt om framtida

Det var altså Gangsø som trekte det lengste strået, og ho blir dermed Oppland sin utsending til P1-regjeringa.

Annemor Magnum blir vararepresentant i Hedmark, Christoffer Grønstad i Oppland.

P1-regjeringa skal samlast på Sem Gjestegård 16-18 juni og produsere eit dokument som skal si noko om korleis Norge bør vera dei neste 100 åra.

Dokumentet skal overleverast til topp-politikarar frå forskjellige parti.

Siste saker:
Siste saker:

 
30 SISTE P1-REGJERINGA
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no