Berit i Kina vann nett-trekningHo er engelsklærar i Kina, opplendingen som vann nett-konkurransen vår denne månaden. - Det er ingen ende på opplevingar, fortel Berit Elisabeth Tangvik, som kvar sundag er med på høgmesse med 3000 personar i Jiangxi-provinsen. Publisert 18.10.2000 09:44. Oppdatert 18.10.2000 09:47.Berit reiste frå Gudbrandsdalen til Sør-Kina for to månader sidan, og har funne konkurransen for opplendingar i utlandet på NRK Oppland si internettside.
Berit arbeider nå som engelsklærar ved Xinyu College i Jiangxi-provinsen, fortel ho i e-posten som ho har sendt:
- Her skal eg vere i to år. Saman med meg arbeider ei anna norsk kvinne, og vi har det berre bra. Etter to månadar er det utruleg kor tilpassa ein blir. Vi har ca. 250 studentar fordelt på 5 klassar, og det er ein stor overgang frå norske ungdomsskolar. Studentane er motiverte og svært venlege, det gjeld dei fleste kinesarar.
No har vi nettopp hatt 7 dagar fri i samband med Kinas nasjonaldag 1.oktober. Vi reiste til Nanchang, provinshovudstaden, ein by på 3 millionar, også kalla "the poor person's Beijing". Der har vi kolleger både frå Noreg og Usa. Vi arbeider for ein kinesisk organisasjon som heiter Amity Foundation, ein samanslutning av kristne kinesarer, og det er NMS som har sendt oss ut hit.
Vi er her som fagpersonar, og skal og ta del i det lokale kyrkjelivet. Til høgmesse her møter det 3000 menneske kvar sundag. Byen er liten i kinesisk målestokk, ca. 1 million innbyggjarar. Colleget ligg nord i byen, det er ganske roleg her i samanlikning med søre del av byen. Vi har fine friluftsområde rett bak campus, der vi bur. Det er eigenleg inga ending på opplevingar, så eg får slutte her!
Beste helsing frå Berit Elisabeth Tangvik,
Xinyu College (E-post: tangvik@hotmail.com)
Vi takkar for påmeldinga og sender lokalradio-krus til Berit. Neste trekning skjer den 15. november. Send e-post til oss dersom du er opplending i utlandet!
|