Hødd bør kunne slå Skeid i Oslo mandag og dermed ta den første bortesigeren i 1.divisjon denne sesongen. Det seier trenar Harald Aasland Riise.
Hødd har ikkje hatt den sesongstarten i 1.divisjon som laget hadde håpa på, og særleg er bortestatistikken svak. Laget har berre tatt eitt poeng på fire bortekampar og det er for dårleg, meiner Hødd-trenaren.
Vanskeleg motstandar
Måndag møter laget Skeid i Oslo, og det vert ein vanskeleg motstandar, trur Harald Aasland Riise. Laga spelte uavgjort på spanske La Manga tidlegare i år og det var ein kamp Hødd burde ha vunne, meiner han.
Tidlegare slo Skeid ofte lange ballar, men no har laget vorte meir spelande og har med mange gode, unge enkeltspelarar.
Likevel bør Skeid stå godt til Hødd sin måte å spele på, meiner Hødd-trenaren.
Kynisk
Hødd kjem til å angripe når sjansen byr seg, seier Harald Aasland Riise, men først og fremst vil laget spele kynisk mot Skeid. Målet er å ta den første bortesigeren i 1.divisjon denne sesongen.
Etter ni kampar ligg Hødd på ein 11.plass - med mellom anna 2-2 i siste kampen mot Moss