Til heimekampen mot Start søndag må midtstoppar Georg Aursnes stå over etter at han fekk sitt femte gule kort for sesongen sist helg.
Hødd-kaptein Andre Nevstad seier at kampen mot sørlandslaget blir spesielt viktig, ettersom Hødd berre er tre poeng frå nedrykksstreken.
Tre med fem gule
Tre av Hødd sine spelarar har allereie fem gule kort. Det betyr at dei må sone for kvar kamp dei får eit nytt gult kort. Dei tre det gjeld er nemnde Georg Aursnes, pluss Dag Roar Ørsal og Stig Haugland.
Geir Televik og Sindre Eid har tre gule, medan heile fem spelarar er på kanten av karantene med to gule kort. Det gjeld Magnus Myklebust, Jan Egil Tryggestad, Øyvind Halkjelsvik, Johnny Vattøy og Andre Nevstad. Til saman har Hødd 34 gule kort i serien så langt i år.
I tillegg har klubben hatt ein del skadar og Magnus Myklebust er stadig vekk på nye oppdrag for juniorlandslaget. Nevstad vedgår at dette er eit problem for dei.