| |
Hødd og Lyn forhandlarHødd og Lyn forhandlar no om ein overgang for Lars Ivar Moldskred (bildet). Publisert 29.01.2004 13:35. Tippeligaklubben Lyn har vist interesse for Hødd-målvakta, og Hødd stadfestar no at det pågår forhandlingar.
I følgje sportsleg leiar i Hødd, Geir Hasund, kom det eit konkret tilbod frå Lyn i går om kjøp av Moldskred.
Hasund seier til NRK at dette tilbodet var for lågt.
Moldskred har kontrakt med Hødd ut 2004. Dersom han forlet Hødd vert truleg Øystein Vik Myklebust førstekeeper, men Hødd må då truleg hente inn ein ny keeper til A-stallen.
Klubben vil ikkje satse på juniorlandslagskeeperen Vebjørn Skeide som ein av to A-keeperar enno. Skeide vert nemleg mykje på reise med aldersbestemte landslag, og då vil Hødd uansett mangle ein reservekeeper.
Siste saker:
|
|
|
| |
10 SISTE FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
| |
|
|
|
5 SISTE SPORT FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
| |
|
|