Sonen er i ferd med å skrive seg inn i dei fremste kapitla i norsk idrettshistorie. Den stolte pappa seier Kurt Asle er innbitt, konkurransesugen og ein ståpåkar.
Foreldra til Kurt Asle Arvesen frå Eresfjord i Nesset trur sonen kan klare å nå målet sitt om å vinne ein av etappane i sykkelrittet Frankrike Rundt.
Stolt
- Eg må no vere enig i at han har gjort det ganske bra hittil, sjølv om Kurt Asle har vore veldig uheldig, seier pappa Egil Arvesen stolt.
|
Kurt Asle Arvesen har vore uheldig og har vore innblanda i ei rekkje fall. Foto:Scanpix. |
Etappesigrar
Arvesen har tidlegare sagt at han satsar på etappesiger, og er no nummer 25 samanlagt i verdas mest prestisjefylte sykkelritt. - Det kan no kome etappar seinare der han får vise kor god han verkeleg er, seier Egil Arvesen.
Frankrike Rundt er ei styrkeprøve av dei sjeldne. På tre veker skal syklistane legge bak seg ein avstand tilsvarande turen frå Molde til Oslo seks gonger!
Det er første gong eresfjordingen Kurt Asle Arvesen er med i rittet, men han har allereie sett som mål å vinne ein av etappane. Berre to nordmenn har klart det før han, det var Dag Otto Lauritzen i 1987 og Thor Hushovd for to år sidan. Far, Egil Arvesen, meiner sonen kan bli den tredje norske etappevinnaren.
Lur
- Kurt Asle er littegrann lur, han seier ikkje altfor mykje, men det ligg litt underforstått han han kanskje kan gå i eit brudd i ei av dei flate etappane også. - Men det er eigentleg på mellometappane som ikkje er for lange og bratte som han satsar på.
Kurt Asle Arvesen er i dag med på den sjette etappen, og er no nummer 25 samanlagt, trass i fleire stygge fall undervegs. Egil Arvesen meiner sonen åleine skal ha æra for prestasjonen.
Innbitt
- Han er veldig innbitt og konkurransesugen og ein ståpåkar, så det er berre han sjølv som har æra for dette, seier den stolte pappa Egil Arvesen.