skilleRadio på nettskilleLes om oss!skilleTopp promo Sportskille_slutt
Toppbanner Møre og Romsdal sport 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Møre og Romsdal > Sport NRK Møre og Romsdal Sist oppdatert 14:08
VÊR
TRAFIKK
Siste nytt frå distriktskontora i NRK NRK Finnmark NRK Troms NRK Nordland NRK Trøndelag NRK Møre og Romsdal NRK Hedmark og Oppland NRK Sogn og Fjordane NRK Hordaland NRK Rogaland NRK Sørlandet NRK Østlandssendingen NRK Østfold NRK Buskerud, Telemark og Vestfold Siste nytt frå distriktskontora i NRK Siste nytt frå distriktskontora i NRK
 
SØK LOKALT PÅ:
 
 

Hødd burde ha slått Bryne

Hødd fekk eit fortent poeng heime mot Bryne 16.mai. Kristoffer Tollås laga Hødd sitt mål i 2.omgang på eit frekt langskot.

Av Arne Flatin. Publisert 16.05.2005 20:26.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:
Det var Bryne som scora først. Før pause. Hødd-keeper Øystein Vik Myklebust var uheldig og boksa ballen i eige mål. Før dette hadde Hødd hatt ein trippel-sjanse og burde ha teke leiinga i kampen.

Kynisk Bryne

Etter pause spelte jærbuane kynisk fotball og drog ut tida kvar gong det var ein dødballsituasjon. Hødd fekk ikkje til mykje offensivt spel mot det bastante Bryne-forsvaret. Det var likevel fullt fortent då banens beste spelar, Kristoffer Tollås, sende i veg eit langskot som overraska både Bryne-keeperen og publikum.

Mot slutten av ampen skapte Anders Vaagen meir fart i Hødd-angrepet då han kom innpå, men kampen ebba ut med 1-1. Eit resultat Hødd har mest grunn til å vere misfornøgd med. Med dette har Hødd 10 poeng på dei første sju kampane. Bryne er framleis utan tap i 1.divisjon.

Briljant Tollås

På Hødd var den tidlegare Bryne-backen Einar Braut god, men Kristoffer Tollås var til tider briljant teknisk og viste at han har eit stort potensial. Tollås er innleigd frå AaFK, og har laga fem seriemål på dei sju første kampane. Venstrekanten viste mange døme på kreativt spel, og at han har målteft skulle statistikken slå fast.

Hødd mangla Aursnes og Sylte

Hødd mangla framleis Georg Aursnes som er skadd, men stopparparet Stavseng/Gjørtz greier seg bra. Samtidig er Øyvind Halkjelsvik frisk igjen, og var på benken denne gongen. Hødd har dermed bra dekning i midtforsvaret trass i at Aursnes er skadd. Tommy Sylte som gifta seg laurdag var ikkje med mot Bryne. I hans stad spelte Erik Sandal på midtbana. Sandal fekk ikkje til så veldig mykje, men har vist før at han er ein spelar for framtida.

KAMPFAKTA

Høddvoll stadion
1108 tilskodarar.
0-1:Sjølmål Øystein Vik Myklebust/Ronny Espedal (36.min), 1-1: Kristoffer Tollås(71.min).

Hødd sitt lag: Øystein Vik Myklebust, Einar Braut, Finn Erik Stavseng, Thomas Gjørtz, Kenneth Giske, Erik Sandal (Johnny Nerbø), Andre Nevstad, Tor Einar Leira, Kristoffer Tollås, Nils Ottar Sandø (Anders Vaagen), Geir Televik.

Gult kort: Kristoffer Tollås.

TABELL:

1. DIVISJON FOTBALL MENN

Follo-Moss 2-1
Hødd-Bryne 1-1
Kongsvinger-Løv-Ham 2-1
Mandalskam-Pors Gr.land 1-1
Skeid-Sandefjord 1-2
Sogndal-Hønefoss 4-2
Strømsgodset-Alta 3-2
Tønsberg-Stabæk 0-1

Stabæk 7 5 2 0 14 6 17
Sandefjord 7 5 2 0 11 5 17
--------------------------------------------
Bryne 7 4 3 0 17 8 15
--------------------------------------------
Sogndal 7 4 0 3 13 12 12
Hødd 7 3 1 3 10 8 10
Kongsvinger 7 3 1 3 9 11 10
Mandalskam. 7 2 3 2 9 8 9
Moss 7 2 3 2 5 5 9
Pors Gr.land 7 2 3 2 7 9 9
Strømsgodset 7 2 2 3 7 9 8
Skeid 7 2 2 3 10 13 8
Tønsberg 7 2 1 4 10 10 7
--------------------------------------------
Hønefoss 7 2 1 4 7 8 7
Follo 7 1 3 3 7 10 6
Løv-Ham 7 1 2 4 6 12 5
Alta 7 1 1 5 9 17 4

Opprykk: To beste. Kval. opp: Treeren. Nedrykk: Fire siste.






Siste saker:
Flere saker: ALT OM HØDD

 
10 SISTE FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
5 SISTE SPORT FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no