På jonsokaftan for eitt år sidan brann klubbhuset ned.
I staden for å vere med på å bygge storhall vil Træff ha eit nytt klubbhus, seier leiar i klubben, Leif Lagesen.
No begynner det å haste for klubben etter å ha jobba eitt år utan å kome i mål.
|
Leif Lagesen vil heller ha nytt klubbhus enn storhall. Her framfor det utbrente klubbhuset for eitt år sidan. (Foto: Gunnar Sandvik) |
Træff har klar teiknigane til eit fleirbrukshus på den gamle tomta ved Reknesbanen. Klubben vil ikkje bygge fotballhallen og treng derfor ikkje bygge på området som er regulert til friområde.
Planene som har vore på tale om ei storhall større enn Sunnmørshallen er Træff ikkje lenger med på, seier leif Lagesen.