Fortuna Ålesund slo søndag Haugar 4-1 i første divisjon fotball kvinner.
Lene Sperre gjorde hat trick, og det fjerde Fortuna-målet var det Hilde Rørvik Nordstrand som stod for. Fortuna ligg no på sjetteplass på tabellen, med åtte poeng etter seks kampar.
|
Lene Sperre. Foto: Fortuna |
|
Hilde Rørvik Nordstrand. Foto: Fortuna |
Fortuna-trenar Magne Kvalø seier at sigeren mot Haugar viser er at dei er på rett spor, etter å ha skuffa tidlegare i sesongen. Sesongstarten var for dårleg ut frå føresetnadene, seier Kvalø. No har dei funne formen, og med nye spelarar på plass ser han optimistisk på resten av sesongen.
Neste seriekamp spelar Fortuna borte mot Larvik 17. juni.