Hopp til innhold

Brann knuste gullfavorittane

Berre dei største supporterane hadde framleis tru på Brann. Sundag vann det nederlagsdømde laget 2-1 mot gullfavorittane og viste at dei slett ikkje har tenkt å rykka ned i årets sesong.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Brann får ei knallopning på den første kampen i eliteserien. Etter berre ti minutt sender Kim Ojo raudtrøyene inn i leiinga mot Rosenborg. 22-åringen headar ballen rett i mål, og det er 1-0 til Brann.

Brann beheld overtaket gjennom heile 1.omgang, og i det 41. minuttet vinn Ojo nok ein løpsduell og slår eit innlegg til Bjørnar Holmvik som stuper fram og skårar til enorm jubel frå publikum.

Brann - Rosenborg

Kim Ojo varta opp med skåring og målgivande då Brann slo Rosenborg 2-1. Her jublar nigerianaren saman med midtstoppar Christian Kalvenes.

Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX

Skuffa Rosenborgtrenar

Men Rosenborgtrenaren er ikkje like nøgd.

- Dette er for dårleg. No må me vera meir aggressive. Kim Ojo gjer ein bra jobb, men han skal me ta hand om, sa trenar til Rosenborg, Jan Jönsson, til TV2 i pausen.

Og Rosenborg kjem litt sterkare tilbake i 2.omgang. I det 68. minutt reduserer dei til 2-1. Eit frispark blir løfta inn i feltet og går via hovudet til Mushaga Bakenga inn i mål. Ei stund ser det ut som om gullfavorittane er tilbake, men det held ikkje til siger. Til alles overrasking vinn Brann til slutt 2-1 mot Rosenborg.

LES OGSÅ: Nest Sotra-taparane får ny sjanse | Storkamp: Ja. Toppkamp: Nei

Heilt uventa

Ja, for kven hadde trudd at Brann skulle vinna over Rosenborg. Med tap mot Ålesund og ikkje minst den pinlege generalprøven mot 2. divisjonslaget Nest Sotra forrige veke, var det få som framleis hadde tru på laget.

Ei undersøking i Bergens Tidende viste laurdag at heile seks av ti bergensarar som valde å svara, trur Brann hamnar på nedrykksplass eller rykker ned i serien.

Også ei samla norsk presse spår at raudtrøyene må kjempa for å overleva i eliteserien. Fotball-ekspertar i VG skriv at dei er sikre på at Brann rykker ned.

Branntrenar Rune Skarsfjord har heile tida sagt at han forstår pessimismen, men har ikkje mista håpet. Han har sagt at han trur kritikken kan gjera spelarane meir skjerpa.

- Fantastisk dag

Sundag fekk Skarsfjord rett. Det nederlagsdømde laget overraska alle då dei knuste Rosenborg.

- Det var veldig godt, men me har berre vunne ein av 30 seriekampar, så me har lite å feira ennå, sa han til TV2 rett etter kampen.

Men målskårar Kim Ojo har ikkje tenkt å gå heim og sova.

- No er det fest! Dette har vore ein fantastisk dag, seier han.

Brann-Rosenborg2

Bjørnar Holmvik skåra det andre og avgjerande målet til Brann i kampen mot Rosenborg. Få hadde trudde at laget skulle sigra over seriefavorittane.

Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX