Vil sende gåve frå utlandetJeg har sett at brudeparet ønsker seg penger til prinsesse Märthas fond. Jeg bor i Danmark; hva gjør jeg da? Jeg kan vel ikke bruke et norsk kontonummer, eller? Publisert 20.05.2002 20:17. SvarDet er heilt rett at brureparet fyrst og fremst ynskjer seg pengar til prinsesse Märthas fond. Dette fondet går til funksjonshemma barn.
Viss du går til banken din i Danmark (eller kva som helst anna land), kan dei hjelpe deg med å overføre pengar til fondet.
Du må nytte ei såkalla utanlandsoverføring, og du må gje opp kontonummeret og banken kontoen er i.
Kontonummeret til prinsesse Märthas fond er 6058.05.05441 i Nordea Bank Norge ASA. Adressa til fondet er "HKH Prinsesse Märtha Louises Fond, Det kongelege hoff, 0010 Oslo".
Viss du får spørsmål om SWIFT-koden til Nordea Bank, er han XIANNOKK (fram t.o.m. 1. juni) og NDEANOKK (f.o.m. 2. juni).
Lukke til!
Venleg helsing bryllaupsredaksjonen
Siste saker:
|