skilleIngrid Alexandra bannerskille_slutt
Toppbanner 2_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Innenriks > Kongehuset > Prinsessebryllupet Sist oppdatert 11:17
Ansvarlige for bryllupssidene:
Tor Berre og Erik Bolstad
Telefon:
23 04 26 43 (Oslo)
73 88 12 00 (Tyholt)
Les gjerne gjennom
før du sender inn spørsmål!

 

Vil sjå bryllaupet i utlandet

Eg er norsk student i Japan, og vil gjerne sjaa bryllaupet mellom prinsesse Maertha Louise og Ari Behn. Kva maa eg gjera for aa faa sjaa sendinga?

Publisert 20.05.2002 20:31.
SE OGSÅ:
ALT OM:

Svar

Hei!

For nordmenn som bur utanfor Europa, er nettet den beste løysinga viss du ynskjer å fylgje bryllaupet. NRK.no sender bryllaupet i video (Windows Media-format), tilpassa dei fleste bandbreiddene.

I Europa og delar av Nord-Afrika kan ein òg ta inn fjernsynskanalen NRK International.

Hugs at du òg kan ta inn kortbylgjesendingane til NRK på radio. Vi sender ei blanding av NRK P1 og NRK Alltid Nyheiter på kortbylgja, og her vil det vere mykje bryllaupsstoff. Du kan òg høyre alle radiokanalane våre via NRK Nettradio.

Viss du ikkje får inn nokre av desse tilboda, skal NRK.no i tillegg satse på omfattande biletgalleri, utleggjing av videoar og anna stoff retta spesielt mot nordmenn i utlandet.

Lukke til!

Venleg helsing
bryllaupsredaksjonen

Siste saker:

 
Vær med på hele Norges gratulasjon til Märtha og Ari
10 SISTE KONGEHUSET
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no