Høgsterett behandlar i dag ankesaka til Kristin Kirkemo Haukeland, og saksbehandlinga blir overført direkte på NRK1, NRK.no og på Alltid Nyheter.
|
Historisk i Høgsterett i dag. |
Kristin Kirkemo Haukeland vart dømd til 16 års fengsel for medverknad til trippeldrapet på Orderud gard i peinsa 1999. Ho var den einaste av dei dømde som fekk opp anken sin i Høgsterett.
Dersom Kirkemo Haukeland får støtte i sitt syn for at ho berre er skuldig i medverknad til aktlaust drap, får ho truleg ikkje meir enn tre års fengsel.
Det er sett av ein dag til saka, og dommen er venta å vere klar før jul.
Det er første gong i historia at det blir direkteoverføring frå ei saksbehandling i Høgsterett. Det er mogleg å følgje saka både på fjernsyn, radio og på NRK.no.
Kristin Kirkemo Haukeland blir sjølv ikkje til stades i retten under saksbehandlinga.