skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Nyheter/Innenriks/valg/valg 2003 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Innenriks > Valg > Valg 2003 Sist oppdatert 14:48
Valg 2003
Alt om valg 2003.
Alt om valget i ditt distrikt:
 
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 

- Kvifor ikkje bli ordførar?

- Kvifor dreg ikkje fleire unge jenter heim att for å bli ordførarar? spør Anna Ceselie Brustad. 28-åringen flytta heim att til Frosta for å gjere karriere. Som ordførar.

Publisert 18.08.2003 14:52. Oppdatert 18.08.2003 15:03.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:
Av Aagot Opheim og Kjetil Malkenes Hovland

- Det er jo litt motstraums. Eg har studert og jobba i Trondheim i sju år, og så flyttar eg heim til Frosta, ein liten kommune, for å gjere karriere, seier Anna Ceselie Brustad.

Her står potetåkrane grøne og kornåkrane gule. Frostapotetene er kanskje det som har gjort Brustad sin heimkommune mest kjend.

- Verdfullt å vere ordførar

Anna Ceselie Brustad (28) flytta heim att til Frosta for å bli ordførar.
Vi er i senterpartiland. Spør du kor lenge Senterpartiet har hatt makta, svarar folk: - Lenge!

Det er 28 år sidan eit anna parti enn Sp har hatt styringa i Frosta. Dét er like lenge som Anna Ceselie Brustad har levd. No vil ho på toppen sjølv. Og i sommar flytta ho heim att for å satse på politikk.

- Eg syns det er rart at det ikkje er fleire jenter som har tenkt på å flytte heim til sin eigen kommune for å bli ordførar, seier Brustad.
- Det å sitje i kommunestyret er veldig lærerikt, og noko eg ville hatt med meg uansett om eg skulle stille som ordførar eller ikkje. Det er verdfullt. Du lærer mykje både om deg sjølv og korleis du samarbeider med folk. Om korleis du taklar medgang og motgang i saker du har jobba mykje for.

- Det gode livet på landet

Det klirrar i barnevogner og pip i kasseapparat. Anna Ceselie Brustad er på jobb, på eit kjøpesenter i nabokommunen Stjørdal. Fram til valet er arbeidsgivaren hennar Frosta Utvikling. Brustad skal friste barnefamiliar til å flytte til Frosta. Lokkemidla er billige tomtar og barnehageplassar til alle.

- Det er tre kvarter å køyre, reklamerer Brustad til ein familiefar med barnevogn.
- Ei halvøy ute i Trondheimsfjorden. Veldig idyllisk. Mykje jordbruk. Mange småbarnsfamiliar lukter på å skaffe seg eit småbruk og leve det gode livet på landet.

Ei ny barnevogn trillar forbi.

- Vil du bli frosting? spør Brustad.

- Dette er eit personval

No er det valkampen på Frosta som gjeld. Halvøya har snaut 2500 innbyggjarar. Landbruk er viktigaste næringsveg, og Anna Ceselie Brustad vil at folk skal røyste Senterpartiet, så ho kan bli ordførar.

Frosta sin viktigaste næringsveg er landbruk. Frostapotetene er kanskje det som har gjort kommunen mest kjend.
- Hovudsaka for Frosta er å få betre veg, betre infrastruktur. Både på veg og vatn, båt og breiband. For viss næringslivet her skal kunne utvide og bli større, treng vi betre kommunikasjon. Det er hovudsaka vår, samtidig som vi har ei mengd ungdomssaker i denne perioden, seier Brustad.

Ho innrømmer at desse sakene ikkje skiljer partiet nemneverdig frå dei andre.

- Viss du samanliknar programma til partia på Frosta, er dei nok veldig like. Sånn sett er det nok veldig personval på slike små stader som dette, seier ordførarkandidaten.

Ideen om å stille som ordførar var det Brustad sjølv som kom med.

- Den jobben kan eg gjere!

- Nja. Eg vart jo spurd av partiet for fire år sidan om å stille som ordførar. Men då berre flirte eg av dei, for eg var for ung og hadde ikkje site ein periode ein gong. Men eg byrja å tenkje over det, seier Brustad.
- Og så har eg følgd med ordføraren denne perioden og funne ut at den jobben der, den kan eg òg gjere. I fjor haust snakka eg med ordføraren om at eg hadde lyst å stille som kandidat - imot han. Men han Boje Reitan trekk seg, fordi han føler han har site lenge nok i kommunestyret og som ordførar.

Brustad hadde ikkje vore redd for å stille mot den sitjande ordføraren.

- Det der hadde eg tenkt så lenge på at det hadde eg lyst på. Og eg trur faktisk eg kan gjere ein god jobb. Det er lov å prøve. Eg syns eigentleg det er rart at ikkje fleire tenkjer slik. At unge som har lyst til å gjere karriere innan politikken, startar i heimkommunen sin.

Brustad føler at ho har mykje att å lære.

- Bratt læringskurve som ordførar

- Læringskurven på det å vere ordførar må jo vere så utruleg bratt. Og det triggar meg litt, seier Brustad.
- Du får kjennskap til alt frå kloakklegginga oppe i Kvamdalen til vanskelege saker som barnevern. Du er borte i husbygging, veg, skule, barnehage, eldreomsorg, alt som er. Og det må jo vere frykteleg spennande!

I morgondagens ordførarkandidat-portrett i Her og Nå møter vi ein som har vore ordførar nesten like lenge som Anna Ceselie Brustad har levd: Arne L Haugen har vore ordførar i Meldal i 24 år, og satsar på fire år til.

Siste saker:

Start fleskespillet Start valgtesten Ta valgskolen
Det store valgfleskspillet
 
LES OM VALGET I DIN KOMMUNE
10 SISTE NYHETER
Følg debattane i
Stortinget på
direkten.
Video Video  Lyd Lyd
30 SISTE VALGNYHETER FRA HELE LANDET
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no