Framstegspartiet har til no fått 12 ordførarar landet rundt etter kommunestyre- og fylkestingsvalet. Partileiar Carl I. Hagen meiner det særleg er ein milepæl å få ordføraren i Tønsberg.
Av Jannik Aubert og
Tor Helge Haugland
Dei nye utstillingsvindauga til Hagen skal no bli Tønsberg, Nøtterøy og Tjøme kommunar i Vestfold.
Frp får ordføraren i alle desse tre kommunane, etter at partiet blei det største ved valet i fylket, for ein stor del på grunn av massiv motstand mot bomring rundt Tønsberg.
Per Arne Olsen (Frp) blir den nye ordføraren i Vestfold-byen. Det er klart etter at FrP, Høgre og Kristeleg Folkeparti forplikta seg til å samarbeide dei neste fire åra.
Resultat
Partileiar Carl I. Hagen håpar at Frp i tida fram til neste stortingsval kan få eit meir positivt forhold til dei andre partia.
Han håpar også at dei skal kunne vise til resultat i kommunane der det er eit samarbeid med Høgre og Kristeleg Folkeparti.
Fleire kommunar
- Dette ser jo ut til å bli ein situasjon i fleire kommunar, og det kan også bli situasjonen i Bergen og Oslo, påpeikar han.
- Tønsberg er på den måten ein viktig milepæl og brekkstong, fordi det er den første store bykommunen der dette skjer, seier Hagen.
I resten av landet har Frp fått to ordførarar i Hordaland (Os og Austevoll), seks i Møre og Romsdal (Fræna, Skodje, Stranda, Sula, Ørsta og Vestnes) og ein i Troms (Nordreisa). To av ordførarane er valde gjennom ordninga med direkte overførarval.
Generalsekretær i Frp Geir Mo opplyser til NTB at det enno er to kommunar der Frp kan få ordføraren, men sjølv trur han ikkje det blir meir enn 12.