Av
Gunnar Myklebust
Sterkare og meir langtrekkande slik at USA også er truga, og med kapasitet til å frakte det atomvåpenet som Nord-Korea i mellomtida har skaffa seg.
Men ingen ting skjedde søndag, og sør-koreansk så vel som amerikansk etterretning lurer nå på om det oppstod tekniske problem, om leiarane i Pyongyang fekk kalde føtter - eller om det rett og slett var veret som stansa det heile.
Spionsatellittar
|
En sørkoreansk kvinne passerer en utstilling med kopier av militære raketter ved et minnesmerke over de falne i Korea-krigen ved Sør-Koreas hovedstad Seoul. (Foto: Reuters/Scanpix) |
Amerikanske spionsatellittar har den siste tida følgt aktiviteten ved rakettbasen i eit avsidesliggande område på austkysten av Nord-Korea. Det dei har sett, er tolka som at nord-koreanarane er i siste fase før utskyting, at det bare er snakk om å fylle drivstofftankane. I så fall må det skje noe i løpet av få dagar, for drivstoff kan ikkje lagrast lenge på denne måten.
Noen avdramatiserar og meiner at Nord-Korea bare vil utplassere ein sambandssatellitt, andre peikar på at ingen lov kan hindre Pyongyang frå å gjennomføre ein rakettest. Men alle er einige om at det alt i alt vil vere dumt av nord-koreanarane å fyre av.
USA har gjort det klart at, same kva hensikten er, vil det bli sett på som ei fiendtleg handling, og amerikanske krigsskip er på plass i områda utanfor den nord-koreanske kysten.
- Nok til å nå Alaska
Nord-Koreas nye rakett har truleg ein rekkevidde på 6700 kilometer, tre gonger lengre enn den som tuppa i havet i 1998. Nok til å nå Alaska, kanskje også Hawaii - og meir enn nok til å provosere USA. Og da har kanskje Nord-Korea oppnådd det det ville: Å få tilbake den internasjonale merksemda som Iran har stole den siste tida. For merksemda - og inntrykket av trussel - er nødvendig om Pyongyang skal ha håp om økonomisk og politisk gevinst internasjonalt.
Det er taleføre folk i USA som meiner at det nord-koreanske rakettanlegget bør bombast jo før jo heller. Det skjer neppe.
Militært svar
Faren for eit amerikansk militært svar på ei eventuell rakettoppskyting er heller ikkje stor. Dette ville jo vere den første verkelege testen for det amerikanske rakettforsvarssystemet. Det som Pentagon alt har brukt hundrevis av milliardar kroner på, som er mislykka testa og som president Bush likevel har gitt ordre til å sette i operativ drift i California og Alaska utan at det er ferdig utvikla.
USA vågar neppe risikoen for fiasko ved å måle seg mot ein einsleg nord-koreansk prøverakett.
På den andre sida er diplomati ikkje akkurat USAs sterkaste side for tida. Tillitsbygging og fredsforsøka er det USAs eigen partnar i regionen, Sør-Korea, som står for - med varsame og kloke initiativ i kulturelt og økonomisk samarbeid, og ikkje minst mathjelp til broderfolket i nord.
Våpenstillstand
Og samtidig som Nord-Korea igjen har greidd å reise nervøs spenning internasjonalt, kjem meldinga om at Pyongyang har bedt Seoul om assistanse, slik at også det nord-koreanske folket kan få sjå VM-fotball frå Tyskland.
Med velsignelse frå Det internasjonale fotballforbundet blir kampane nå formidla via Sør- til Nord-Korea. I valet mellom fotball og krig, er det heldigvis ikkje tvil om kva som er viktigast.
Og om to år stiller dei koreanske statane i dei olympiske leikane i Beijing som ein tropp!
(NRK)